AscW-funksjonen [VBA]

Returnerer Unicodeverdien for det første teiknet i eit strenguttrykk.

Åtvaringsikon

Denne funksjonen eller konstanten er slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.


Syntaks:

AscW (Text As String)

Returverdi:

Heiltal

Parameterar:

Text: Eitkvart gyldig strenguttrykk. Berre det første teiknet i strengen er relevant.

Bruk AscW-funksjonen for å byta ut Unikodeteikn med verdien. Dersom AscW-funksjonen resulterer i ein tom streng, vil LibreOffice Basic melda om køyretidsfeil. Returnerte verdiar er mellom 0 og 65 535.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleAscW

 Print AscW("A") ' returnerer 65

 Print AscW("Ω") ' returnerer 937

 Print AscW("Αθήνα") ' returnerer 913 sidan berre det første teiknet (Alfa) i strengen vert rekna med.

End Sub