Val-funksjonen

Konverterer ein streng til eit numerisk uttrykk.

Syntaks:

Val (Tekst As String)

Returverdi:

Double

Parametrar:

Tekst: Streng som inneheld eit tal.

Ved hjelp av Val-funksjonen kan du omforma ein streng som inneheld tal til tal-uttrykk. Dette er det motsette av Str-funksjonen. Viss strengen også inneheld teikn som ikkje er tal, vert berre dei først funne tala omforma. Viss strengen ikkje inneheld tal, vil Val returnera verdien 0.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleVal

    MsgBox Val("123.123")

    MsgBox Val("A123.123")

End Sub