Asc-funksjonen

Returnerer ASCII-verdien (American Standard Code for Information Interchange) for det første teiknet i eit strenguttrykk.

Syntaks:

Asc (Tekst As String)

Returverdi:

Heiltal

Parametrar:

Text: Eitkvart gyldig strenguttrykk. Berre det første teiknet i strengen er relevant.

Bruk Asc-funksjonen for å byta ut nøklar med verdiar. Viss Asc-funksjonen vert brukt på ein tom streng, vil LibreOffice Basic gje tilbake ein køyretidsfeil. I tillegg til 7-bit ASCII-teikn (kode 0 - 127), kan ASCII-funksjonen også oppdaga teikn som ikkje kan skrivast ut i ASCII-koden. Funksjonen kan også handtera 16-bit unicode.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleASC

    Print ASC("A") ' returnerer 65

    Print ASC("Z") ' returnerer 90

    Print ASC("Las Vegas") ' returnerer 76 sidan berre det første teiknet i strengen vert rekna med.

End Sub

CHR