IsNull-funksjonen

Kontrollerer om variabelen inneheld den spesielle verdien Null, som indikerer at variabelen ikkje inneheld data.

Syntaks:

IsNull (variabel)

Returverdi:

Bool

Parametrar:

Var: Einkvar variabel du vil kontrollera. Denne funksjonen returnerer SANN viss Variant inneheld Null-verdien og USANN om denne verdien ikkje finst i Variant-en.

Null - Denne verdien vert brukt til ein variant data-undertype utan gyldig innhald.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleIsNull

Dim vVar As Variant

    MsgBox IsNull(vVar)

End Sub