Const-uttrykket

Definerer ein streng som ein konstant.

Syntaks:

Const Tekst = Uttrykk

Parametrar:

Tekst: Eitkvart konstantnamn som følgjer standard namnekonvensjon for variabelnamn.

Ein konstant er ein variabel som gjer programmet lettare å lesa. Konstantane vert ikkje definerte som spesielle variabeltypar, men vert brukte meir som plasshaldarar i koden. Du kan definera ein konstant berre éin gong, og verdien kan ikkje seinare endrast. Slik definerer du ein konstant:

CONST ConstNamn = Uttrykk

Kva type uttrykk som er brukt betyr ikkje noko. Viss eit program er starta, vil LibreOffice Basic konvertere programkoden internt slik at kvar gong ein konstant er brukt, vert det definerte uttrykket brukt i staden.

Eksempel:

Sub ExampleConst

    Const iVar = 1964

    MsgBox iVar

    Const sVar = "Program", dVar As Double = 1.00

    MsgBox sVar & " " & dVar

End Sub