CDate-funksjonen

Omformar eit strenuttrykk eller eit numerisk uttrykk til ein datoverdi.

Syntaks:

CDate (Uttrykk)

Returverdi:

Dato

Parametrar:

Uttrykk: Eit streng- eller taluttrykk som skal konverterast.

Når du konverterer eit strenguttrykk, må dato og klokkeslett skrivast inn anten i eitt av dei formata som er definert for språket du brukar (sjå Verktøy → Innstillingar → Språkinnstillingar → Språk) eller i eit ISO datoformat (for tida er berre ISO-formatet med doble hermeteikn gyldig, for eksempel "2012-12-31"). I taluttrykk representerer verdiane til venstre for desimalteiknet datoen med start frå 31. desember 1899. Verdiane til høgre for desimalteiknet representerer klokkeslettet.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleCDate

    MsgBox cDate(1000.25) ' 09.26.1902 06:00:00

    MsgBox cDate(1001.26) ' 09.27.1902 06:14:24

End Sub