Variablar

Dei følgjande uttrykka og funksjonane vert brukte for arbeid med variablar. Du kan bruka desse funksjonane for å definera variablar, konvertera variablar frå ein type til ein annan eller for å definera variabeltypen.

CCur-funksjonen

Omformar eit streng- eller taluttrykk til eit valuta-uttrykk. Dei lokale innstillingane vert brukte for desimalskilje og valutasymbol.

CBool-funksjonen

Konverterer ei streng-samanlikning eller ei numerisk samanlikning til eit Boolsk uttrykk, eller konverterer eit enkelt numerisk uttrykk til eit Boolsk uttrykk.

CDate-funksjonen

Omformar eit strenuttrykk eller eit numerisk uttrykk til ein datoverdi.

CDec-funksjonen

Omformar eit streng- eller taluttrykk til eit desimal-uttrykk.

CDbl-funksjonen

Omformar eit tal- eller strenguttrykk til type Double.

CInt-funksjonen

Omformar eit tal- eller strenguttrykk til heiltal (Integer).

CLng-funksjonen

Omformar eit tal- eller strenguttrykk til heiltal av typen Long.

Const-uttrykket

Definerer ein streng som ein konstant.

CSng-funksjonen

Omformar eitkvart streng- eller taluttrykk til data av typen Single.

CStr-funksjonen

Konverterer eitkvart taluttrykk til eit strenguttrykk.

CVar-funksjonen

Omformar eit streng- eller taluttrykk til eit variant-uttrykk.

CVErr-funksjonen

Omformar eit streng- eller taluttrykk til eit variant-uttrykk av typen «Error».

DefBool-uttrykket

Viss det ikkje er spesifisert eit typedeklarasjonsteikn eller nøkkelord, vil DefBool-uttrykket setja standard datatype i høve til eit bokstavområde.

DefCur-uttrykket

Viss det ikkje er spesifisert eit typedeklarasjonsteikn eller nøkkelord, vil DefCur-uttrykket setja standard datatype i høve til eit bokstavområde.

DefDate-uttrykket

Viss det ikkje er spesifisert eit typedeklarasjonsteikn eller nøkkelord, vil DefDate-uttrykket setja standard datatype i høve til eit bokstavområde.

DefDbl-uttrykket

Set standard variabeltype ifølgje eit bokstavområde viss det ikkje er

DefErr-uttrykket

Viss det ikkje er spesifisert eit typedeklarasjonsteikn eller nøkkelord, vil DefErr-uttrykket setja standard datatype i høve til eit bokstavområde.

DefInt-uttrykket

Set standard variabeltype ifølgje eit bokstavområde viss det ikkje er

DefLng-uttrykket

Set standard variabeltype ifølgje eit bokstavområde viss det ikkje er

DefObj-uttrykket

Set standard variabeltype ifølgje eit bokstavområde viss det ikkje er

DefSng-uttrykket

Viss det ikkje er spesifisert eit typedeklarasjonsteikn eller nøkkelord, vil DefSng-uttrykket setja standard datatype i høve til eit bokstavområde.

DefStr-uttrykket

Viss det ikkje er spesifisert eit typedeklarasjonsteikn eller nøkkelord, vil DefStr-uttrykket setja standard datatype i høve til eit bokstavområde.

DefVar-uttrykket

Set standard variabeltype ifølgje eit bokstavområde viss det ikkje er

Dim-uttrykket

Deklarere ein variabel inne i ein tabell (array)

ReDim-uttrykket

Deklarere ein variabel inne i ein tabell.

Type-uttrykket

Definer ikkje-UNO datastrukturar (structs).

IsArray-funksjonen

Bestemmer om ein variabel er eit datafelt i ein tabell.

IsDate-funksjonen

Kontrollerer om eit tal- eller strenguttrykk kan konverterast til ein Date-variabel.

IsEmpty-funksjonen

Kontrollerer om ein Variant-variabel inneheld ein tom verdi. Den tomme verdien indikerer at variabelen ikkje er initialisert.

IsError-funksjonen

Kontrollerer om ein variabel inneheld ein feilverdi.

IsNull-funksjonen

Kontrollerer om variabelen inneheld den spesielle verdien Null, som indikerer at variabelen ikkje inneheld data.

IsNumeric-funksjonen

Testar om eit uttrykk er eit tal. Viss uttrykket er eit tal, vil funksjonen returnera True, elles False.

IsObject-funksjonen

Kontrollerer om variabelen er eit OLE-objekt. Funksjonen returnerer SANN viss variabelen er eit OLE-objekt, elles USANN.

LBound-funksjonen

Returnerer nedre grense for ein tabell (array)

UBound-funksjonen

Returnerer den nedre grensa for ein tabell (array).

Let-uttrykket

Tilordnar ein verdi til ein variabel.

Array-funksjonen

Returnerer Variant-typen med eit datafelt.

DimArray-funksjonen

Returnerer ein varianttabell.

Erase-funksjonen

Slettar innhaldet av tabellelement i tabellar (array) med fast storleik og frigjer minne brukt av tabellar med variabel storleik.

Option Base-uttrykket

Set den nedre grensa for tabellar til 0 eller 1.

Option Explicit-uttrykket

Bestemmer at alle variablane i programkoden må definerast før du brukar dei med Dim-uttrykket.

Public-uttrykket

Dimensjonerer ein variabel på modulnivå, det vil seia utanfor ein subrutine eller ein funksjon, slik at variabelen kan brukast i alle biblioteka og modulane.

Global-uttrykket

Dimensjonerar ein variabel eller ein tabell (array) på globalt nivå, altså ikkje inne i ein subrutine eller funksjon, slik at variabelen eller tabellen er gyldig i alle biblioteka og modulane i den gjeldande økta.

Static-uttrykket

Deklarerer ein variabel eller ein tabell (array) på prosedyrenivå inne i ein subrutine eller ein funksjon, slik at verdiane i variabelen eller tabellen vert tatt vare på når programmet går ut av subrutinen eller funksjonen. Dim-uttrykket kan også brukast.

TypeName-funksjonen; VarType-funksjonen

Returnerer ein streng (TypeName) eller ein numerisk verdi (VarType) som indeheld informasjon til ein variabel.

Set-uttrykket

Set ein objektreferanse til ein variabel eller ein eigenskap.

FindObject-uttrykket

Aktiverer eit objekt som skal adressarast under køyretid som ein strengparameter gjennom objektnamnet.

FindPropertyObject-funksjonen

Tillet at objekt kan verta adresserte under køyringa som ein strengparameter ved å bruka obejktnamnet.

Optional (i Function-uttrykk)

Gjer at du kan definera parametrar som vert sende til ein funkskon som valfrie.

IsMissing-funksjonen

Sjekker om ein funksjon er kalla opp med ein valfri parameter.

HasUnoInterfaces-funksjonen

Undersøker om eit Basic Uno-objekt har støtte for bestemte Uno-grensesnitt.

EqualUnoObjects-funksjonen

Returnerer SANN viss dei to spesifiserte UNO-objekta er av same UNO obkjektførekomst.

IsUnoStruct-funksjonen

Returnerer SANN viss det gjevne objektet er ein Uno-stuct.