Exit-uttrykket

Avsluttar ei DO … LOOP-sløyfe, FOR … NEXT-sløyfe, ein funksjon eller ein subrutine.

Syntaks:

sjå Parametrar

Parametrar:

Exit Do

Er gyldig berre i eit DO … LOOP-uttrykk for å avslutta sløyfa. Programmet vil halda fram med uttrykket som kjem etter LOOP-uttrykket. Viss DO … LOOP-uttrykket er nøsta, vert kontrollen overført til det neste, høgare nivået.

EXIT FOR

Gyldig berre inne i ei FOR … NEXT-sløyfe for å gå ut av sløyfa. Programmet vil halda fram med det første uttrykket som kjem etter NEXT-uttrykket. I nøsta uttrykk vert kontrollen overført til sløyfa i det neste, høgare nivået.

EXIT FUNCTION

Når programmet møter EXIT, går det straks ut av Function-prosedyren og held fram med uttrykket som kjem etter Function-kallet.

EXIT SUB

Når programmet møter EXIT, går det straks ut av SUB-rutinen og held fram med uttrykket som kjem etter SUB-kallet.

Merknadsikon

Exit-uttrykket definerer ikkje slutten på ein struktur og må ikkje forvekslast med END-uttrykket.


Eksempel:

Sub ExampleExit

Dim sReturn As String

Dim sListArray(10) As String

Dim siStep As Single

    For siStep = 0 To 10 ' Fyll tabellen med testdata

        sListArray(siStep) = chr(siStep + 65)

        MsgBox sListArray(siStep)

    Next siStep

    sReturn = LinSearch(sListArray(), "B")

    Print sReturn

End Sub

 

Function LinSearch( sList(), sItem As String ) As Integer

Dim iCount As Integer

' LinSearch søker i TextArray:sList() etter eit tekstuttrykk:

' Returnerer indeksen for oppføringa eller 0 (null)

    For iCount=1 To Ubound( sList() )

        If sList( iCount ) = sItem Then

            Exit For ' sItem funne

        End If

    Next iCount

    If iCount = Ubound( sList() ) Then iCount = 0

    LinSearch = iCount

End Function