Switch-funksjonen

Evaluerer ei argumentliste som inneheld eit uttrykk og ein verdi. Funksjonen Switch returnerer ein verdi knytt til uttrykket som er sendt til denne funksjonen.

Syntaks:

Switch (Uttrykk1, Verdi1[, Uttrykk2, Verdi2[..., Uttrykk_n, Verdi_n]])

Parametrar:

Funksjonen Switch evaluerer uttrykket frå venstre mot høgre og returnerer verdien som er tildelt funksjonsutterykket. Viss uttrykk og verdi ikkje er oppgjeve parvis, får du ein køyretidsfeil.

Uttrykk: Uttrykket som skal evaluerast.

Verdi: Verdien som skal returnerast viss uttrykket er SANN.

I dette eksempelet vil Switch kopla rett kjønn (gender) til namnet som vert sendt til funksjonen.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleSwitch

Dim sGender As String

    sGender = GetGenderIndex( "John" )

    MsgBox sGender

End Sub

 

Function GetGenderIndex (sName As String) As String

    GetGenderIndex = Switch(sName = "Jane", "female", sName = "John", "male")

End Function