Choose-funksjonen

Returnerer ein vald vedi frå ei liste med argument.

Syntaks:

Choose (Indeks, Val1[, Val2, ... [,Val_n]])

Parametrar:

Indeks: Eit taluttrykk som spesifiserer verdien som skal returnerast.

Val1: Eit uttrykk som inneheld eitt av dei moglege vala.

Choose-funksjonen returnerer ein verdi frå ei liste med uttrykk basert på indeksverdien. Viss Indeks = 1, vil funksjonen returnera det første uttrykket i lista, viss Indeks = 2 det neste uttrykke og så vidare.

Viss indeksverdien er minde enn 1 eller større enn talet på uttrykk i lista, vil funksjonen returnere Null.

I eksempelet vert Choose-funksjonen brukt for å velja ein streng av fleire strengar for å laga ein meny:

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleChoose

Dim sReturn As String

    sReturn = ChooseMenu(2)

    Print sReturn

End Sub

 

Function ChooseMenu(Index As Integer)

    ChooseMenu = Choose(Indeks, "Snarformat", "Lagreformat", "Systemformat")

End Function