Andre uttrykk

Uttrykk som ikkje høyrer til i dei andre køyretidskategoriane er omtalte her.

Call-uttrykket

Overfører programkontrollen til ein subrutine, ein funksjon eller ein DLL-prosedyre.

Choose-funksjonen

Returnerer ein vald vedi frå ei liste med argument.

Declare-uttrykket

Deklarerer og definerer ein subrutine i ei DLL-fil som du vil køyre frå LibreOffice Basic.

End-uttrykket

Avsluttar ein prosedyre eller ei blokk.

Exit-uttrykket

Avsluttar ei DO … LOOP-sløyfe, FOR … NEXT-sløyfe, ein funksjon eller ein subrutine.

FreeLibrary-funksjonen

Løyser DLL-ar som vart lasta inn med Declare-uttrykket. Ein løyst DLL vert lasta inn automatisk viss ein av Dll-funksjonane vert kalla opp. Sjå også Declare.

Function-uttrykket

Definerer ein subrutine som kan nyttast som eit uttrykk for å bestemma return-typen.

Rem-uttrykket

Gjer ei programlinje om til ein merknad.

Stop-uttrykket

Stoppar utføringa av eit BASIC-program.

Sub-uttrykket

Definerer ein subrutine (underrutine)

Switch-funksjonen

Evaluerer ei argumentliste som inneheld eit uttrykk og ein verdi. Funksjonen Switch returnerer ein verdi knytt til uttrykket som er sendt til denne funksjonen.

With-uttrykket

Set eit objekt som standardobjekt. Viss det ikkje er oppgjeve eit anna objektnamn, vil alle eigenskapane og metodane referere til standardobjektet fram til END WITH er nådd.