While...Wend-uttrykket

Når eit program kjem til eit WHILE-uttrykk, vert vilkåret testa. Viss vilkåret ikkje er oppfylt (False), vil programmet gå til uttrykket som kjem etter WEND. Er vilkåret oppfylt (True), vert sløyfa utført til programmet når WEND. Deretter går programmet tilbake til WHILE-uttrykket. Er vilkåret frameis oppfylt (True), vert sløyfa utført igjen.

I Do … Loop-uttrykket kan du hoppa ut av løkka med Exit. Dette kan du ikkje i ei While … Wend-sløyfe. Prøver du i staden å gå ut av ei While…Wend-sløyfe med GOTO, vil dette som oftast resultere i ein køyretidsfeil.

DO … LOOP er meir fleksibel enn WHILE … WEND.

Syntaks:

While-vilkår [uttrykk] Wend

Eksempel:

SUB EksempelWhileWend

DIM sTekst As String

DIM iRun As Integer

    sTekst ="Dette er ein kort tekst"

    iRun = 1

    WHILE iRun < LEN(sTekst

        If Mid(sTekst,iRun,1 )<> " " Then Mid( sTekst ,iRun, 1, CHR( 1 + ASC( Mid(sTekst,iRun,1 )) )

        iRun = iRun + 1

    WEND

    MsgBox sText,0,"Koda tekst"

End Sub