Rnd-funksjonen

Returnerer eit tilfelsig tal mellom 0 og 1.

Syntaks:

RND [(Uttrykk)]

Returverdi:

Double

Parametrar:

Uttrykk: har ingen effekt. Eventuell oppføring vert ignorert.

Funksjonen Rnd returnerer desimalbrøkar frå og med 0 til, men ikkje med, 1 i ei jamn fordeling. Funksjonen brukar slumpgeneratoren Mersenne Twister 19937. For å laga tilfeldige heiltal brukar du ein formel som den nedanfor. Du kan bruka Randomize med ein bestemt verdi på førehand for å laga ei fast talrekkje.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleRandomSelect

Dim iVar As Integer

    iVar = Int((15 * Rnd) -2)

    Select Case iVar

        Case 1 To 5

            Print "Tal frå 1 til 5"

        Case 6, 7, 8

            Print "Tal frå 6 til 8"

        Case Is > 8 And iVar < 11

            Print "Større enn 8"

        Case Else

            Print "Utføre området 1 til 10"

    End Select

End Sub