Randomize-uttrykket

Gjer klar generatoren for å laga tilfeldige tal i funksjonen Rnd.

Syntaks:

Randomize [Tal]

Parametrar:

Tal: Kva heiltal som helst. Vert brukt som utgangspunkt for oppsettet av slumpgeneratoren. Like frø gjev same sekvensen av tilfeldige tal i funksjonen Rnd. Viss parameteren vert sløyfa, vert uttrykket Randomize ignorert.

Merknadsikon

Uttrykket Randomize treng berre brukast dersom ein ønskjer ein bestemt sekvens av tilfeldige tal. Generatoren som lagar tilfeldige tal vert sett opp automatisk første gongen han er i bruk. Ein innebygd slumpgenerator lagar likt fordelte, ikkjedeterministiske tilfeldige tal. Dersom denne generatoren manglar i systemet, vert systemklokka brukt som startnummer.


Uttrykket Randomize påverkar berre BASIC-funksjonen Rnd. Andre generatorar for tilfeldige tal, for eksempel funksjonen RAND() i Calc, vert ikkje påverka.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleRandomize

Dim iCount As Integer, iVar As Integer, sText As String

Dim iSpectral(10) As Integer

    Randomize 2^14-1

    For iCount = 1 To 1000

    iVar = INT(10 * RND)  ' Gjev eit tal mellom 0 og 9

        iSpectral(iVar) = iSpectral(iVar) +1

    Next iCount

    sText = " | "

    For iCount = 0 To 9

        sText = sText & iSpectral(iCount) & " | "

    Next iCount

    MsgBox sText,0,"Spektralfordeling"

End Sub