Log-funksjonen

Returnerer den naturlege logaritmen til eit tal.

Syntaks:

LOG (tal)

Returverdi:

Double

Parametrar:

Number: Eit numerisk uttrykk du ønskjer å finna den naturlege logaritmen for.

Den naturlege logaritmen er logaritmen til grunntalet e. Grunntalet er ein konstant med tilnærma verdi 2,718282…

Du kan rekna ut logaritmen for eitkvart grunntal (n) for kva tal som helst (x) ved å dividere den naturlege logaritmen til x med den naturlege logaritmen til n slik:

LOG n(x) = LOG(x) / LOG(n)

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleLogExp

Dim a As Double

Dim Const b1=12.345e12

Dim Const b2=1.345e34

    a=Exp( Log(b1)+Log(b2) )

    MsgBox "" & a & chr(13) & (b1*b2) ,0,"Multiplikasjon med logaritmefunksjon"

End Sub