Exp-funksjonen

Returnerer grunntalet for den naturlege logaritmen (e = 2,718282) opphøgd i ein potens.

Syntaks:

Exp (tal)

Returverdi:

Double

Parametrar:

Tal: Eit numerisk uttrykk som inneheld potensen «e» skal opphøgast i. («e» er grunntalet i naturlege logaritmer). For enkeltpresisjonstal må potensen vera lik eller mindre enn 88,02969 og for dobbeltpresisjonstal lik eller mindre enn 709,782712893 sidan LibreOffice Basic returnerer ein overflytsfeil om verdiane vert høgare enn desse tala.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleLogExp

Dim dValue As Double

    Const b1=12.345e12

Const b2=1.345e34

    dValue=Exp( Log(b1)+Log(b2) )

    MsgBox "" & dValue & chr(13) & (b1*b2) ,0,"Multiplikasjon med logaritme"

End Sub