Atn-funksjon

Trigonometrisk funksjon som returnerer arctangens av eit numerisk uttrykk. Resultatet er i området -Pi/2 to +Pi/2.

Arctangens er inversen av tangens-funksjonen. ATN-funksjonen returnerer vinkelen «Alpha» uttrykt i radianar ved å bruka tangens til denne vinkelen. Funksjonen kan også returnera vinkelen «Alpha» ved å samanlikna forholdet mellom dei motsette sidene til vinkelen med lengda av den hosliggjande til vinkelen i ein rettvinkla trekant.

ATN (motsett side til vinkelen / hosliggjande side til vinkelen) = Alpha

Syntaks:

Atn (tal)

Returverdi:

Double

Parametrar:

Number: Eit numerisk uttrykk som representerer forholdet mellom to sider i ein rettvinkla trekant. ATN-funksjonen returnerer den tilhøyrande vinkelen i radianar (arctangens).

For å omforma radianar til grader, multipliser radianar med 180/pi.

grader=(radianar*180)/pi

radian=(grad*pi)/180

Pi er her sirkelkonstanten avrunda til 3,14159.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

' Det neste eksemplet reknar ut for ein rettvinkla trekant

' Vinkelen Alpha frå tangenten til vinkelen Alpha:

Sub ExampleAtn

' Pi er ein førehandsdefinert konstant avrunda til 3,14159

Dim d1 As Double

Dim d2 As Double

    d1 = InputBox("Skriv inn lengda på den hosliggjande sida til vinkelen: ","Tilstøytande")

    d2 = InputBox("Skriv inn lengda på den motståande sida til vinkelen: ","Motståande")

    Print "Alpha-vinkelen er"; (atn (d2/d1) * 180 / Pi); " grader"

End Sub