AND-operatoren

Kombinerer to uttrykk logisk.

Syntaks:

Resultat = uttrykk1 AND uttrykk2

Parametrar:

Resultat: Eit numerisk uttrykk som inneheld resultatet av kombinasjonen.

Uttrykk1, Uttrykk2: Kva uttrykk som helst som du ønskjer å kombinera.

Boolske uttrykk som vert kombinerte med AND, returnerer verdien True berre viss begge uttrykka er True:

True AND True returnerer True; for alle andre kombinasjonar vert resultatet False.

AND-operatoren utfører også bitvis samanlikning med identisk plasserte bits i to numeriske uttrykk.

Eksempel:

Sub ExampleAnd

Dim A As Variant, B As Variant, C As Variant, D As Variant

Dim vVarOut As Variant

    A = 10: B = 8: C = 6: D = Null

    vVarOut = A > B AND B > C ' returnerer -1

    vVarOut = B > A AnND B > C ' returnerer 0

    vVarOut = A > B AND B > D ' returnerer 0

    vVarOut = (B > D AND B > A) ' returnerer 0

    vVarOut = B AND A ' returnerer 8 på grunn av den bitvise AND-samanlikninga mellom begge argumenta

End Sub