On Error GoTo ... Resume-uttrykket

Oppretter ein felhandteringsrutine etter at det oppstod ein feil, eller gjenopptar programkøyringa.

Syntaks:

On {[Local] Error GoTo Labelname | GoTo 0 | Resume Next}

Parametrar:

GoTo Labelname: Viss det oppstår ein feil, køyr feilhandteringsrutinen som byrjar i linja "Labelname".

Resume Next: Viss det oppstår ein feil, hald fram programmet med uttrykket som kjem etter uttrykket der feilen oppstod.

GoTo 0: Koplar ut feilhandteraren i den gjeldande prosedyren.

Local: "On error" er global i omfang og vil vera aktiv fram til det vert avløyst av eit anna "On error"-uttrykk. "On error" er lokal i den rutinen det vert brukt i. Lokal feilhandtering oversttyrer alle tidlegare sette globale innstillingar. Når den påkalla rutinen finst, vert den lokale feilhandteringa automatisk avbrote og dei tidlegare sette globale innstillingane vert tilbakeførte.

On Error GoTo-uttrykket vert brukt for å fanga opp feil som måtte oppstå i ein makro.

Eksempel:

Sub ExampleReset

On Error GoTo ErrorHandler

Dim iNumber As Integer

Dim iCount As Integer

Dim sLine As String

Dim aFile As String

    aFile = "c:\data.txt"

    iNumber = Freefile

    Open aFile For Output As #iNumber

    Print #iNumber, "Dette er ei tekstlinje"

    Close #iNumber

    iNumber = Freefile

    Open aFile For Input As iNumber

    For iCount = 1 To 5

        Line Input #iNumber, sLine

        If sLine <>"" Then

            Rem

        End If

    Next iCount

    Close #iNumber

    Exit Sub

ErrorHandler:

    Reset

    MsgBox "Alle filer vert lukka",0,"Feil"

End Sub