onvertera klokkeslettverdiar
Desse funksjonane omformar klokkeslettverdiar til tal som kan reknast med.
Hour-funksjonen
Returnerer timen frå ein klokkeslettverdi som er generert av anten funksjonen TimeSerial eller funksjonen timeValue.
Minute-funksjonen
Returnerer minuttet av timen som svarar til den serielle tidsverdien som er generert av TimeSerial- eller TimeValue funksjonen.
Second-funksjonen
Returnerer eit heiltal som viser sekunda i det serielle klokkeslett-talet generert av anten funkjsonen TimeSerial eller funksjonen TimeValue.
TimeSerial-funksjonen
Reknar ut ein seriell tidsverdi for dei gjevne time-, minutt- og sekundparametra som vert overførte som numeriske verdiar. Du kan så bruka denne verdien til å rekna ut differansen mellom to tidspunkt.
TimeValue-funksjonen
Reknar ut ein seriell tidsverdi ut frå time, minutt og sekund som er oppgjevne. Desse representerar tida i ein enkelt numerisk verdi. Parametrane vert overførte som strengar. Den returnerte verdien kan brukast til å rekna ut tidsskilnadar.
CDateToUnoDateTime-funksjonen
Returnerer klokkeslettdelen av datoen som ein UNO com.sun.star.util.DateTime struktur.
CDateFromUnoDateTime-funksjonen
Konverterer ein UNO com.sun.star.util.DateTime struktur til ein datoverdi.