DatePart-funksjonen

Funksjonen DatePart returnerer ein spesifisert del av ein dato.

Syntaks:

DatePart (Add, Date [, Veke_start [, År_start]])

Returverdi:

Ein variant som inneheld ein dato.

Parametrar:

Add - Eit strenguttrykk frå den følgjande tabellen som inneheld datointervallet.

Add (strengverdi)

Forklaring

yyyy

År

q

Kvarter

m

Månad

y

Dagen i året

w

Vekedag

ww

Veke i året

d

Dag

h

Time

n

Minutt

s

Sekund


Date - Datoen som resultatet skal reknast ut for.

Veke_start - Ein valfri parameter som bestemmer første dagen i veka.

Veke_start-verdi

Forklaring

0

Bruk standardverdien frå systemet

1

Søndag (stadard)

2

Måndag

3

Tysdag

4

Onsdag

5

Torsdag

6

Fredag

7

Laurdag


YÅr_start - Ein valfri parameter som bestemmer den første veka i eit år.

År_start-verdi

Forklaring

0

Bruk standardverdien frå systemet

1

Veke 1 er den veka som inneheld 1. januar 8standard)

2

Veke 1 er den første veka dette året som inneheld fire eller fleire dagar

3

Veke 1 er den første veka som inneheld dagar berre frå det nye året


Eksempel:

Sub example_datepart

    MsgBox DatePart("ww", "12/31/2005")

End Sub