CDateFromIso-funksjonen

Returnerer det interne datotalet frå ein streng som inneheld datoen i ISO-format (ÅÅÅÅMMDD eller ÅÅÅÅ-MM-DD).

Årdelen må vera anten to (berre i ÅÅMMDD-format for å vera kompatibel med andre) eller minst fire siffer. Med fire siffer må det brukast leiande nullar dersom årstalet er mindre enn 1000. Det kan vere negativt med leiande minusteikn dersom året er før Kristi fødsel. Det kan ha meir enn fire siffer dersom året er større enn 9999. Den formaterte strengen må vera mellom «-327680101» og «327671231» eller «-32768-01-01» og «32767-12-31».

Ein ugyldig dato resulterer ein feil. År 0 finst ikkje. Den siste dagen før Kristus er -0001-12-31 og den neste dagen er 0001-01-01. Datoar før 1582-10-15 er i den proleptiske gregorianske kalenderen, dvs. i den gregorianske kalenderen sjølv om denne ikkje var innført då.

Tipsikon

Når eit serielt tal for ein dato vert konvertert til ein streng som kan skrivast ut, for eksempel i MsgBox eller til skrivar, vert den lokale kalenderen brukt. Dette kan føre til at grensedatoen 1582-10-15 vert vist i den julianske kalenderen og såleis viser ein annan dato enn den du venta. Bruk CDateToIso Function for å omforma ein slik dato til den proleptiske gregorianske kalenderen.


Merknadsikon

Støtte for formatet ÅÅÅÅ-MM-DD med skiljeteikn vart innført i LibreOffice 5.3.4. Støtte for år mindre enn 100 og større enn 9999 vart tatt i bruk i LibreOffice 5.4 utanom for VBA-kompabilitetsmodus.


Syntaks:

CDateFromIso(String)

Returverdi:

Internt datotal

Parametrar:

Streng: Ein streng som inneheld ein dato i ISO-format.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

dateval = CDateFromIso("20021231")

dateval = CDateFromIso("2002-12-31")

returnerer 12/31/2002 i det datoformatet datamaskinen er sett opp med.