Year-funksjonen

Returnerer året frå eit serielt datotal som er laga av ein av funksjonane DateSerial eller DateValue.

Syntaks:

Year (tal)

Returverdi:

Heiltal

Parametrar:

Tal: Heiltalsuttrykk som inneheld det serielle datotalet som vert brukt for å bestemma året.

Denne funksjonen er det motsette av DateSerial-funksjonen og returnerer året for ein seriell dato. For eksempel uttrykket:

Print Year(DateSerial(1994, 12, 20))

returnerer verdien 1994.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleYear

    MsgBox "" & Year(Now) ,64,"Dette året"

End Sub