Day-funksjonen

Returnerer ein verdi som representerer dagen i månaden basert på eit serielt datotal laga av DateSerial eller DateValue.

Syntaks:

Day (tal)

Returverdi:

Heiltal

Parametrar:

Tal: Eit numerisk uttrykk som inneheld det serielle datotalet som vert brukt for å bestemma dagen i månaden for.

Denne funksjonen er i grunnen det motsette av DateSerial-funksjonen, og returnerer dagen i månaden frå eit serielt datotal laga av funksjonen DateSerial eller DateValue. For eksempel uttrykket:

Print Day (DateSerial(1994, 12, 20))

returnerer verdien 20.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleDay

    Print "Dag " & Dag(DateSerial(1994, 12, 20)) & " i månaden"

End Sub