DateValue-funksjonen

Returnerer datoverdien frå ein datostreng. Datostrengen er ein fullstendig dato i ein talverdi av typen Single. Du kan også bruka dette talet til å rekna ut skilnaden mellom to datoar.

Syntaks:

DateValue [(dato)]

Returverdi:

Dato

Parametrar:

Dato: Strenguttrykk som inneheld datoen som skal reknast ut. I motsetnad til funksjonen DateSerial som brukar år, månadar og dagar som ulike talverdiar, går funksjonen DateValue ut frå at datastrengen er sett opp med ei av dei gyldige lokale innstillingane (sjå Verktøy → Innstillingar → Språkinnstillingar → Språk) eller i ISO datoformat (for tida berre ISO-formatet i doble hermeteikn, for eksempel. "2012-12-31").

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleDateValue

    MsgBox DateValue("12/02/2011")

End Sub