DateSerial-funksjonen

Returnerer ein Dato-verdi for oppgjeve år, månad eller dag.

Syntaks:

DateSerial (år, månad, dag)

Returverdi:

Dato

Parametrar:

År: Heiltalsuttrykk som indikerer eit år. Alle verdiar mellom 0 og 99 vert sett til å vera åra 1900 - 1999. For år som fell utanom dette pmrådet, må du skriva inn alle fire sifra.

Månad: Heiltalsuttrykk som indikerer månaden i eit spesifisert år. Gyldig område er 1 - 12.

Dag: Heiltalsuttrykk som indikerer dagen i ein spesifisert månad. Gyldig området er 1 - 31. Det vert ikkje returnert feilmelding om du skriv inn ein ikkje-eksisterande dag for månadar som er kortare enn 31 dagar.

DateSerial-funksjonen returnerer talet på dagar mellom den gjevne datoen og 30. desember 1899. Du kan bruka denne funjonen for å rekna ut skilnaden mellom to datoar.

DateSerial-funksjonen returnerer datatypen Variant med VarType 7 (dato). Internt vert denne verdien lagra som ein verdi av type Double, så når den gjevne dagen er 1.1.1900, vil dette gje tilbake 2. Negative verdiar viser til datoar før 30. desember 1899, ikkje medrekna 30.12.1899.

Viss det vert definert ein dato utføre det aksepterte området, vil LibreOffice Basic gje ei felmelding.

Viss du definerer DateValue-funksjonen som ein streng som inneheld datoen, vil DateValue-funksjonen vurdera kvart av parametra (år, månad, dag) som separate taluttrykk.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleDateSerial

Dim lDate As Long

Dim sDate As String

    lDate = DateSerial(1964, 4, 9)

    sDate = DateSerial(1964, 4, 9)

    MsgBox lDate ' returnerer 23476

    MsgBox sDate ' returnerer 04/09/1964

End Sub