RmDir-uttrykket

Slettar ei eksisterande mappe frå lagringsmediumet.

Syntaks:

RmDir Tekst As String

Parametrar:

Tekst: Eit strenguttrykk som inneheld stien og namnet på fila som skal slettast. Du kan om ønskjeleg skriva inn stien somURL-notasjon.

Viss stien ikkje vert funnen, vil RmDir-uttrykket søkja etter mappa som skal slettast i den gjeldande stien. Finst ikkje mappa der heller, vert det laga ei feilmelding.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

76 Fann ikkje stien

Eksempel:

Sub ExampleRmDir

    MkDir "C:\Test2"

    ChDir "C:\test2"

    MsgBox Curdir

    ChDir "\"

    RmDir "C:\test2"

End Sub