FileLen-funksjonen

Returnerer lengda på ei fil i byte.

Syntaks:

FileLen (Tekst As String)

Returverdi:

Long

Parametrar:

Tekst: Eit strenguttrykk som inneheld ein utvetydig filspesifikasjon. Du kan også bruka URL-notasjon.

Denne funksjonen bestemmer lengda på ei fil. Viss FileLen-funksjonen er kalla opp for ei ope fil, vert fillengda før fila vart opna returnert. Ønskjer du å bestemma lengda for ei ope fil, bruk Lof-funksjonen.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleFileLen

    MsgBox FileLen("C:\autoexec.bat")

End Sub