FileDateTime-funksjonen

Returnerer ein streng med dato og klokkeslett for når fila vart laga eller sist endra.

Syntaks:

FileDateTime (Tekst As String)

Parametrar:

Tekst: Eit strenguttrykk som inneheld ein utvetydig (utan jokerteikn) filspesifikasjon. Du kan også bruka URL-notasjon.

Denne funksjonen bestemmer den nøyaktige tida for når fila vart oppretta eller sist endra. Returformatet er "MM.DD.YYYY HH.MM.SS".

Dei lokale innstillingane som styrer formateringa av tal, datoar og valuta i LibreOffice Basic vert sette i → Språkinnstillingar → Språk. I Basic-formatkodar vert alltid punktum (.) brukt som plasshaldar for desimalskiljeteiknet som er definert lokalt. Punktumet vert erstatta med det aktuelle skiljeteiknet.

Det same gjeld for dei lokale innstillingane for dato-, tid- og valuta-format. Basic-formatet vil verta tolka og vist i høve til dei lokale språkinnstillingane.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleFileDateTime

    MsgBox FileDateTime("C:\autoexec.bat")

End Sub