FileAttr-funksjonen

Returnerer tilgangsmodus eller filtilgangsnummeret for ei fil som er opna med Open-uttrykket. Filtilgangsnummeret er avhengig av operativsystemet (OSH = Operating System Handle, operativsystemhandteraren).

Merknadsikon

Viss du brukar eit 32-bits operativsystem kan du ikkje bruka FileAttr-funksjonen for å finna filtilgangsnummeret.


Sjå også Open

Syntaks:

FileAttr (FilNummer As Integer, Attributt As Integer)

Returverdi:

Heiltal

Parametrar:

FilNummer: Nummeret på fila som er opna med Open-uttrykket.

Attributt: Eit heiltalsuttrykk som viser kva type filinformasjon som skal returnerast. Desse verdiar er moglege:

1: FileAttr-funksjonen indikerer tilgangsmodus for fila.

2: FileAttr-funksjonen returnerer filtilgangsnummeret for operativsystemet.

Viss du gjev ein parametereigenskap med verdien 1, får du denne returverdien:

1 - INPUT (fila er ope for inndata)

2 - OUTPUT (filea er ope for utdata)

4 - RANDOM (fila er ope for direktetilgang («random access»))

8 - APPEND (fila er ope for tilføyingar)

32 - BINARY (fil er ope i binærmodus).

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

52 Ugyldig filnamn eller filnummer

Eksempel:

Sub ExampleFileAttr

Dim iNumber As Integer

Dim sLine As String

Dim aFile As String

    aFile = "c:\data.txt"

    iNumber = Freefile

    Open aFile For Output As #iNumber

    Print #iNumber, "Dette er ei tekstlinje"

    MsgBox FileAttr(#iNumber, 1 ),0,"Tilgangsmodus"

    MsgBox FileAttr(#iNumber, 2 ),0,"Filatributt"

    Close #iNumber

End Sub