CurDir-funksjonen

Returnerer ein variantstreng som inneheld den gjeldande stien for det oppgjeve lagringsmediet.

Åtvaringsikon

Dette uttrykket fungerer for tida ikkje som dokumentert. Sjå her for meir informasjon (på engelsk) om feilen.


Syntaks:

CurDir [(Tekst As String)]

Returverdi:

Streng

Parametrar:

Tekst Eit strenguttrykk som inneheld eit eksisterande lagringsmedium (for eksempel "C" for den første partisjonen på den første harddisken).

Vis det ikkje er oppgjeve eit lagringsmedium eller viss mediet er ein tom streng (""), vil CurDir returnera stien for det gjeldande lagringsmediet. LibreOffice Basic vil gje tilbake ei feilmelding viss syntaksen for beskrivinga av lagringsmediet er feil, viss mediet ikkje finst eller at bokstaven for mediet er seinare i alfabetet enn den som er sett i CONFIG.SYS med LastDrive.

Denne funksjonen skil ikkje mellom store og små bokstavar.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

68 Eininga er ikkje tilgjengeleg

7 Ikkje nok minne

51 Intern feil

Eksempel:

Sub ExampleCurDir

Dim sDir1 As String , sDir2 As String

    sDir1 = "c:\Test"

    sDir2 = "d:\Private"

    ChDir( sDir1 )

    MsgBox CurDir

    ChDir( sDir2 )

    MsgBox CurDir

End Sub