ChDrive-uttrykket

Endrar gjeldande lagringsmedium.

Åtvaringsikon

Dette uttrykket fungerer for tida ikkje som dokumentert. Sjå her for meir informasjon (på engelsk) om feilen.


Syntaks:

ChDrive Tekst As String

Parametrar:

Tekst: Eit strenguttrykk som inneheld bokstaven for det nye lagringsmediet. Du kan også bruka URL-notasjon.

Lagringsmediumet må vera tildelt ein stor bokstav. I Windows er bokstavane som kan brukast avgrensa av innstillingane i LASTDRV. Viss lagringsmediumet er tildelt ein streng med fleire bokstavar, vert berre den første bokstaven brukt. Viss du prøver å få tilgang til eit lagringsmedium som ikkje finst, får du ei feilmelding som du kan handtera med OnError-uttrykket.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

68 Eininga er ikkje tilgjengeleg

76 Fann ikkje stien

Eksempel:

Sub ExampleChDrive

    ChDrive "D" ' Er berre mogleg viss lagringsmediumet «D» finst.

End Sub