Write-uttrykket

Skriv data til ei sekvensiell fil.

Syntaks:

Write [#FilNamn], [Uttrykksliste]

Parametrar:

FilNamn: Eit numerisk uttrykk som inneheld det filnummeret som vart sett med Open-uttrykket for den gjeldande fila.

Uttrykksliste: Variablar eller uttrykk som skal setjast inn i ei fil, skilde med komma.

Viss uttrykkslista ikkje er tatt med, vil uttrykket Write leggja ei tom linje til fila.

For at du skal kunna leggja til ei uttrykksliste til ei ny eller ei eksisterande fil, må fila vera opna i Output- eller Append-modus.

Strengar som vert skrivne inn er sett mellom hermeteikn og skilde med komma. Du treng ikkje skriva inn desse skiljeteikna i lista over uttrykk.

Alle Write-uttrykk set inn eit linjeskift som siste element.

Tal med desimalskiljeteikn vert konverterte i høve til dei lokale innstillingane.

Eksempel:

Sub ExampleWrite

Dim iCount As Integer

Dim sValue As String

    iCount = Freefile

    Open "C:\data.txt" For Output As iCount

    sValue = "Hamburg"

    Write #iCount,sValue,200

    sValue = "New York"

    Write #iCount,sValue,300

    sValue = "Miami"

    Write #iCount,sValue,450

    Close #iCount

End Sub