Put-uttrykket

Skriv ein post til ei relativ fil eller til ein bytesekvens i ei binærfil

Sjå også uttrykket GET.

Syntaks:

Put [#] Filnummer som heiltal, [posisjon], Variabel

Parametrar:

FilNummer: Eit heiltalsuttrykk som inneheld fila du vil skriva til.

Position: For relative filer (dvs. filer med direkte tilgang) er «position» nummeret på den dataposten du vil skriva.

For binære filer (binær tilgang) er dette plasseringa av den byte i filen der skrivinga skal byrja.

Variable: Namnet på variabelen som du vil skrive til fila.

Merknad for relative filer: Viss innhaldet i denne variabelen ikkje svarar til den lengda på dataposten som er oppgjeve i Len-delen av utsegna Open, vert rommet mellom slutten av den nettopp innskrivne dataposten og den neste dataposten fylt ut med data frå fila du skriv til.

Merknad for binære filer: Innhaldet av variablane vert skriv til den oppgjevne plassen og filpeikaren vert sett inn like etter siste byte. Det vert ingen mellomrom mellom postane.

Eksempel:

Sub ExampleRandomAccess

Dim iNumber As Integer

Dim sText As Variant ' Må vera varianttype

Dim aFile As String

    aFile = "c:\data.txt"

    iNumber = Freefile

    Open aFile For Random As #iNumber Len=32

    Seek #iNumber,1 ' Posisjonen der skrivinga skal byrja

    Put #iNumber,, "Dette er den første tekstlinja" ' Fyll linja med tekst

    Put #iNumber,, "Dette er den andre tekstlinja"

    Put #iNumber,, "Dette er den tredje tekstlinja"

    Seek #iNumber,2

    Get #iNumber,,sText

    Print sText

    Close #iNumber

    iNumber = Freefile

    Open aFile For Random As #iNumber Len=32

    Get #iNumber,2,sText

    Put #iNumber,,"Dette er ny tekst"

    Get #iNumber,1,sText

    Get #iNumber,2,sText

    Put #iNumber,20,"Dette er teksten i datapost 20"

    Print Lof(#iNumber)

    Close #iNumber

End Sub