Input#-uttrykket

Les data frå ei opna sekvensiell fil.

Syntaks:

Input #FileNumber As Integer; var1[, var2[, var3[,...]]]

Parametrar:

FileNumber: Nummeret på fila som inneheld dataa du ønskjer å lesa. Fila må vera opna med uttrykket «Open» med nøkkelordet «INPUT».

var: Ein numerisk- eller streng-variabel som du legg verdiane lesne frå den opna fila inn i.

Uttrykket Input# les talverdiar eller strengar frå ei ope fil og legg data inn i ein eller fleire variablar. Ein talvariabel vert lese fram til det første vognreturteiknet (Asc = 13), linjeskiftteiknet (Asc = 10), mellomrommet eller kommaet. Strengvariablar vert lesne fram til det første vognreturteiknet (Asc = 13), linjeskiftteiknet (Asc = 10) eller kommaet.

Data og datatypar i den opna fila må vera i same rekkjefølgja som variablane som vert overførte i parameteren «var». Viss du legg ein ikkje-numerisk verdi i ein numerisk variabel, vert variabelen sett til verdien «0».

Datapostar som er skilde med komma, kan ikkje brukast i strengvariablar. Hermeteikn (") i fila vert også ignorerte. Viss du vil lesa inn desse teikna frå fila, bruk uttrykket Line Input# for å lesa reine tekstfiler (det vil seia filer som berre inneheld teikn som kan skrivast ut) linje for linje.

Viss slutten av fila vert nådd medan eit dataelement vert lese, vert dette registrert som ein feil og prosessen vert avbroten.

Eksempel:

Sub ExampleWorkWithAFile

Dim iCount As Integer

Dim sName As String

Dim sValue As Integer

Dim sFileName As String

 

sFileName = "c:\data.txt"

iCount = Freefile

 

' Skriv data (som vi seinare skal lesa inn med Input ) til fil

Open sFileName For Output As iCount

sName = "Hamburg"

sValue = 200

Write #iCount, sName, sValue

sName = "New York"

sValue = 300

Write #iCount, sName, sValue

sName = "Miami"

sValue = 459

Write #iCount, sName, sValue

Close #iCount

 

iCount = Freefile

' Les datafil med Input

Open sFileName For Input As iCount

Input #iCount; sName, sValue

MsgBox sName & " " & sValue

Input #iCount; sName, sValue

MsgBox sName & " " & sValue

Input #iCount; sName, sValue

MsgBox sName & " " & sValue

Close #iCount

End Sub