Get-uttrykket

Les ein post frå ei relativ fil eller ein sekvens frå ei binærfil inn i ein variabel.

Sjå også PUT-uttrykk

Syntaks:

Get [#] FileNumber As Integer, [Position], Variable

Parametrar:

FileNumber: Eit heiltalsuttrykk som bestemmer filnummeret.

Position: For filer som er opna i direktetilgangs-modus, er Position nummeret på den posten du ønskjer å lesa.

For filer som er opna i binærmodus, er Position den byteplassen i fila der lesinga byrjar.

Viss Position er sløyfa, vert den gjeldande posisjonen eller den gjeldande dataposten i fila brukt.

Variabel: Namnet på den variabelen som skal lesast. Du kan bruka kva variabeltype som helst unntatt objektvariablar.

Eksempel:

Sub ExampleRandomAccess

Dim iNumber As Integer

Dim sText As Variant ' Må vera ein variant

Dim aFile As String

    aFile = "c:\data.txt"

    iNumber = Freefile

    Open aFile For Random As #iNumber Len=32

    Seek #iNumber,1 ' Startposisjonen

    Put #iNumber,, "Dette er den første tekstlinja" ' Fyll linja med tekst

    Put #iNumber,, "Dette er den andre tekstlinja"

    Put #iNumber,, "Dette er den tredje tekstlinja"

    Seek #iNumber,2

    Get #iNumber,,sText

    Print sText

    Close #iNumber

    iNumber = Freefile

    Open aFile For Random As #iNumber Len=32

    Get #iNumber,2,sText

    Put #iNumber,,"Dette er ein ny tekst"

    Get #iNumber,1,sText

    Get #iNumber,2,sText

    Put #iNumber,20,"Dette er teksten i datapost 20"

    Print Lof(#iNumber)

    Close #iNumber

End Sub