QBColor-funksjonen

Returnerer RGB-fargekoden som svarar til ein fargeverdi brukt i eldre MSDOS-baserte programmeringssystem.

Syntaks:

QBColor (Fargenummer As Integer)

Returverdi:

Long

Parameter:

ColorNumber: Eit heiltalsuttrykk som spesifiserer fargeverdien for fargen som er brukt eit eldre MSDOS-basert programmeringssystem.

ColorNumber kan ha desse verdiane:

0: Svart

1: Blå

2: Grøn

3: Cyanblå

4: Raud

5: Magentaraud

6: Gul

7: Kvit

8: Grå

9: Lys blå

10: Lys grøn

11: Lys cyanblå

12: Lys raud

13: Lys magentaraud

14: Lys gul

15: Klar kvit

Denne funksjonen vert brukt berre for å omforma gamle MSDOS-baserte BASIC-program som brukar fargekodane ovanfor. Funksjonen returnerer ein heiltalsverdi av typen Long som viser fargen som skal brukast i LibreOffice IDE.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleQBColor

Dim iColor As Integer

Dim sText As String

    iColor = 7

    sText = "RGB= " & Red(QBColor( iColor) ) & ":" & Blue(QBColor( iColor) ) & ":" & Green(QBColor( iColor) )

    MsgBox stext,0,"Color " & iColor

End Sub