Green-funksjonen

Returnerer den grøne komponenten av den aktuelle fargekoden.

Syntaks:

Green (Color As Long)

Returverdi:

Heiltal

Parameter:

Color: Heiltalsuttrykk av typen Long som definerer ein fargekode som den grøne komponenten skal returnerast for.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:

Sub ExampleColor

Dim lVar As Long

    lVar = rgb(128,0,200)

    Msgbox "Fargen " & lVar & " er sett saman av:" & Chr(13) &_

        "raud= " & Red(lVar) & Chr(13)&_

        "grøn= " & Green(lVar) & Chr(13)&_

        "blå= " & Blue(lVar) & Chr(13), 64, "fargar"

End Sub