Print-uttrykk
Skriv ut dei valde strengane eller numeriske uttrykka til eit dialogvindauge eller til ei fil.
Syntaks:
Print [#FilNamn,] Uttrykk1[{;|,} [Spc(Tal som heiltal);] [Tab(pos som heiltal);] [Uttrykk2[...]]
Parameter:
FilNamn: Eit numerisk uttrykk som inneheld det filnummeret som vart sett med Open-uttrykket for den gjeldande fila.
Expression: Eit numerisk- eller strenguttrykk som skal skrivast ut. Fleire uttrykk vert skilde med semikolon. Viss uttrykka vert skilde med komma, vil uttrykka verta flytt til neste tabulator. Tabulatorane kan ikkje endrast.
Number: Kor mange mellomrom som skal setjast inn med funksjonen Spc.
Pos: Mellomrom vert sett inn til denne posisjonen.
Viss det er eit semikolon eller komma til slutt i det siste uttrykket som skal skrivast ut, vil LibreOffice Basic lagra teksten i ein intern buffar og halda fram med programutføringa utan å skriva ut. Når eit anna uttrykk som skal skrivast ut vert møtt, og dette ikkje er avslutta med semikolon eller komma, vert all tekst som skal skrivast ut utskrive samstundes.
Positive numeriske uttrykk vert skrive ut med eit leiande mellomrom. Negative uttrykk vert skrivne ut med eit leiande minusteikn. Viss desimaltal overstig ein viss verdi, vert dei skrivne ut med eksponentiell (vitskapleg) notasjon.
Viss eit uttrykk overstig ei viss lengd, vert det sett inn linjeskift automatisk.
Du kan setja inn Tab-funksjonen (mellom semikolon) mellom element for å rykka inn utdataa til ein bestemt posisjon, eller du kan bruka funksjonen Spc for å setja inn eit bestemt tal på mellomrom.
Eksempel:
Sub ExamplePrint
Print "ABC"
Print "ABC","123"
i = FreeFile()
Open "C:\Temp.txt" For Output As i
Print #i, "ABC"
Close #i
End Sub
Sub ExamplePrint
Print "ABC"
Print "ABC","123"
i = FreeFile()
Open "~/temp.txt" For Output As i
Print #i, "ABC"
Close #i
End Sub