MsgBox-uttrykk
Viser ein dialogboks som inneheld ei melding.
Syntaks:
MsgBox Text As String [,Type As Integer [,Dialogtitle As String]] (As Statement) or MsgBox (Text As String [,Type As Integer [,Dialogtitle As String]]) (As Function)
Parameter:
Text: Strenguttrykk som vert vist som ei melding i dialogvindauget. Linjeskift kan setjast inn med Chr$(13).
DialogTitle: Strenguttrykk som vert vist på tittellinja i dialogvindauget. Viss denne vert sløyfa, vert programnamnet vist på tittellinja.
Type: Eit heiltalsuttrykk som bestemmer dialogvindaugetypen, kor mange og kva type knappar som skal visast og ikontypen. Type er ein kombinasjon av bit-mønster, det vil seia ein kombinasjon av element som vert definert ved å leggja saman dei respektive verdiane:
Namngjeven konstant |
Heiltalsverdi |
Definisjon |
MB_OK |
0 |
Vis berre OK-knappen. |
MB_OKCANCEL |
1 |
Vis knappane OK og Avbryt. |
MB_ABORTRETRYCANCEL |
2 |
Vis knappane Avbryt, Prøv igjen og Ignorer. |
MB_YESNOCANCEL |
3 |
Vis knappane Ja, Nei og Avbryt |
MB_YESNO |
4 |
Vis knappane Ja og Nei. |
MB_RETRYCANCEL |
5 |
Vis knappane Prøv igjen og Avbryt. |
MB_ICONSTOP |
16 |
Legg stopp-ikonet til i dialogvindauget. |
MB_ICONQUESTION |
32 |
Legg spørsmål-ikonet til i dialogvindauget. |
MB_ICONEXCLAMATION |
48 |
Legg utropsteikn-ikonet til i dialogvindauget. |
MB_ICONINFORMATION |
64 |
Legg informasjons-ikonet til i dialogvindauget. |
|
128 |
Første knappen i dialogvindauget som standardknapp. |
MB_DEFBUTTON2 |
256 |
Andre knappen i dialogvindauget som standardknapp. |
MB_DEFBUTTON3 |
512 |
Tredje knappen i dialogvindauget som standardknapp. |
Eksempel:
Sub ExampleMsgBox
Const sText1 = "Det oppsto ein uventa feil."
Const sText2 = "Programutføringa vil likevel halda fram"
Const sText3 = "Feil"
MsgBox(sText1 + Chr(13) + sText2,16,sText3)
MsgBox(sText1 + Chr(13) + sText2, MB_ICONSTOP, sText3)
End Sub