Køyretidsfunksjonar

Denne bolken handlar om køyretidsfunksjonar i LibreOffice Basic.

Basic-konstantar

Konstantar brukte i Basic-program

I/O-funksjonar for skjerm

Dette avsnittet handlar om køyretidsfunksjonar som vert brukte for å visa dialogvindauge for inn- og utskriving av data.

I/O-funksjonar for filer

I/O-funksjonane vert brukte for å laga og handtera sjølvvalde (data)filer.

Dato- og klokkeslettfunksjonar

Bruk uttrykka og funksjonane omtalte her for å utføra utrekningar med datoar og klokkeslett.

Funksjonar for feilhandtering

Bruk desse uttrykka og funksjonane for å bestemma korleis LibreOffice Basic skal reagera på køyretidsfeil.

Logiske operatorar

Desse logiske operatorane er brukte i LibreOffice Basic.

Matematiske operatorar

Desse matematiske operatorane er brukte i LibreOffice Basic.

Numeriske funksjonar

Desse numeriske funksjonane utfører utrekningar. Matematiske og boolske (logiske) operatorar er omtalte i ein eigen bolk. Skilnaden mellom funksjonar og operatorar er at funksjonane tar i mot argument og returnerer eit resultat, medan operatorane returnerer ei kombinering av to numeriske uttrykk.

Kontrollera programkøyringa

Desse uttrykka kontrollerer køyringa av eit program.

Variablar

Dei følgjande uttrykka og funksjonane vert brukte for arbeid med variablar. Du kan bruka desse funksjonane for å definera variablar, konvertera variablar frå ein type til ein annan eller for å definera variabeltypen.

Samanlikningsoperatorar

Dei tilgjengeleg samanlikningsoperatorane er omtalte her.

Strengar

Desse funksjonane og uttrykka kontrollerer og returnerer strenger.

Andre kommandoar

Dette er ei liste over funksjonar og uttrykk som ikkje er tatt med i dei andre kategoriane.