Basic

Dette avsnittet forklarer grunnlaget for å arbeida med LibreOffice Basic.

Kodane i LibreOffice Basic er baserte på subrutinar og funksjonar som er spesifiserte mellom seksjonane sub … end sub og function … end function. Kvar Sub eller Function kan kalla opp andre Sub og Function. Viss du er nøye når du skriv kode for ein Sub eller ein Function kan du kanskje bruka rutinane også i andre program. Sjå også Prosedyrar og funksjonar.

Merknadsikon

Det gjeld visse avgrensingar for kva namn dei offentlege (public) variablane, prosedyrane (Sub) og funksjonane (function) kan ha. Dei kan ikkje ha same namnet som modular i det same biblioteket.


Kva er ein subrutine (Sub)?

Sub er i forkorting av subroutine (underrutine) og vert brukt til å handtera bestemte deloppgåver i eit program ved å dela opp aktivitetane i individuelle prosedyrar. Dette gjer det lettare å lesa programmet og reduserer risikoen for programmeringsfeil. Ein subrutine kan ta i mot argument som parameterar, men kan ikkje returnera verdiar til subrutinen eller funksjonen han vart kalla opp frå, for eksempel:

GjerNokoMedVerdiane(MinFoersteVerdi,MinAndreVerdi)

Kva er ein Function (funksjon)?

Ein function er å sjå på som ein subrutine som kan returnera ein verdi. Du kan bruka ein funksjon på høgresida av ein variabeldeklarasjon og elles andre stader der du normalt vil bruka ein verdi. For eksempel:

MinAndreVerdi = minFunksjon(MinFoersteVerdi)

Globale og lokale variablar

Globale variablar er gyldige for alle subrutinar og funksjonar i ein modul. Dei vert daklarerte i byrjinga av ein modul, før den første subrutinen eller funksjonen vert brukt.

Variablar som er deklarerte inne i ein subrutine eller ein funksjon er gyldig berre inne i denne subrutinen eller funksjonen. Desse variablane overstyrer globale variablar med det same namnet og lokale variablar med same namn som kjem frå ein overordna subrutine eller funksjon.

Strukturering

Når du har delt opp programmet i prosedyrar og funksjonar (subrutiner og funksjonar) kan du lagra desse som filer og bruka dei i andre prosjekt. LibreOffice Basic støttar modular og bibliotek. Subrutinar og funksjonar er alltid inne i modular. Du kan definera ein modul som global eller som ein del av eit dokument. Fleire modular kan kombinerast i eit bibliotek.

Du kan kopiera og flytta subrutinar, funksjonar og bibliotek frå ei fil til ei anna ved å bruka dialogvindauget Makro.