LibreOffice Ordliste for Basic

I denne ordlista vert ein del av dei tekniske termane som du kan støyta på når du arbeider med LibreOffice Basic forklarte.

Desimalteikn

Ved konvertering av tal brukar LibreOffice Basic dei lokale innstillingane for datamaskinen for å bestemma kva for desimalteikn og tusenskilje som skal brukast.

Effekten påverkar både den direkte konverteringa (1 + "2,3" = 3,3) og funksjonen IsNumeric.

Fargar

I LibreOffice Basic vert fargar handterte som heiltal av typen Long. Returverdien etter fargespurnader er også alltid eit heiltal av typen Long. Når du definerer eigenskapar, kan du bruka RGB-koden som vert konvertert til eit heiltal ved hjelp av RGB-funksjonen.

Måleeiningar

I LibreOffice Basic kan ein metodeparameter eller eineigenskap som brukar måleeiningar verta spesifisert anten som eit heiltal eller eit langt heiltal utan måleeining, eller som ein streng som inneheld ei måleeining. Dersom det ikkje er overført ei eining til metoden, vert standardeininga for det aktive dokumentet brukt. Viss parameteren inneheld ein streng med måleeininga, vert denne måleeininga brukt i staden for standardeininga. Standardeininga for ein dokumenttype kan setjast i → (Dokumenttype) → Generelt.

Twips

Ein «twip» er ei skjermuavhengig eining som vert brukt til å definera ein einskapleg posisjon og storleik for skjermelement på alle visingstypane. Ein twip er 1/1440 tomme eller 1/20 av eit punkt på skrivaren. Det er såleis 1440 twip i ein tomme, eller omkring 567 twip i éin centimeter.

URL-notasjon

Ein URL (Uniform Resource Locators) vert brukt for å betemma staden for ein ressurs som for eksempel ei fil i eit filsystem, som oftast i eit nettverksmiljø. Ein URL er set saman av ein protokolldel, ein vertsdel og ein sti- og fildel. I praksis er URL nokså mykje det same som ei nettadresse.

protokoll://vert.namn/sti/til/ei/fil.html

URL vert mest brukt på Internett for å spesifisere internettsider. Eksempel på protokollar er http, ftp og file. Protokollen file viser til ei fil på det lokale filsystemet.

I URL-notasjonen er ein del spesialteikn ulovlege å bruka. Desse vert anten byt ut med andre teikn eller vert koda. Det vert brukt skråstrek (/) som skiljeteikn mellom stiane. Ei fil som for eksempel vert skrive som C:users\alise\dokument\fila mi.odt på ein Windowsmaskin, vert til file:///C:users/alise/dokument/fila%20mi.odt i URL-notasjon.