Omsetjing av kontrollelement i redigeringsprogrammet for dialogvindauge

I dialogvindaugeredigeringa til Basic IDE vil verktøylinja «Språk» innehalda kontrollar du kan bruka til å slå på og handtera dialogvindauge som kan omsetjast.

Alle dialogvindauge du lagar har som standard ressursar for eitt for språk. Men kva om du ønskjer å lage eit dialogvindauge som automatisk viser teksten på brukaren sitt språk?

For å slå på lokaliserte dialogvindauge

  1. Opna verktøylinja «Språk» frå redigeringsprogrammet for dialogvindauge i Basic ved å velja Vis → Verktøylinjer → Språk.

    Verktøylinja «Språk» vert vist automatisk dersom det gjeldande biblioteket inneheld eit lokalisert dialogvindauge frå før.

  2. Klikk på knappen Handter språk Ikonet for handter språk på verktøylinja for språk eller på verktøylinja.

    Du ser her dialogvindauget for å handtere språk for det gjeldande biblioteket. Namnet på det gjeldande biblioteket vert vist i tittellinja.

  3. Trykk på «Legg til» i dialogvindauget for å leggje til eit språk.

    Dette steget gjer det mogleg å aktivera alle nye dialogvindauge slik at dei kan innehalde strengressursar som kan tilpassast det brukte språket.

  4. Første gongen du trykkjer på «Legg til» vil dialogvindauget for å setja språk for brukargrensesnittet koma opp. Seinare vil denne dialogen ha namnet «Legg til språk for brukargrensesnittet».

    Du kan også endre standardspråket i «Handter språk for brukargrensesnittet».

  5. Vel eit språk.

    Dette legg til strengresursar som inneheld omsette versjonar av alle strengane for dialogeigenskapane. Dialogstrengane for standardspråket vert kopierte til det nye strengsettet. Seinare kan du byta til det nye språket og omsetja strengane.

  6. Lukk dialogvindauget eller legg til fleire språk.

Slik redigerer du lokaliserbare kontrollelement i dialogvindauget

Når du har lagt til resursane for lokaliserbare strenger i dialogvindauga, kan du velja språk frå nedtrekkslista i verktøylinja for språk.

  1. Gjer at listefeltet for gjeldande språk viser standardspråket.

  2. Set inn så mange kontrollar og strenger som du ønskjer i dialogvindauget.

  3. Veil eit anna språk i nedtrekkslista med gjeldande språk.

  4. Du kan redigera alle strengene til det andre språket ved hjelp av eigenskapsdialogane for kontrollane.

  5. Gjenta for alle språka du har lagt til.

Brukarane av dialogvindauget vil sjå strengane i brukargrensesnittet på språket som er vald for LibreOffice dersom du har lagt til strengar i det språket.

Dersom ingen av språka passar det brukaren brukar, vert standardspråket brukt.

Dersom brukaren har ein eldre versjon av LibreOffice utan støtte for lokaliserbare strengressursar i dialogvindauge i Basic, vert strengane for standardspråket brukte.