Verktøylinjer

Dette er ei oversikt over verktøylinjene i LibreOffice Writer.Dette er ei oversikt over standardoppsettet til verktøylinjene i LibreOffice.

Standardlinja

Standardlinja er tilgjengeleg i alle LibreOffice-program.

Formateringslinja

Formateringslinja inneheld fleire funksjonar for tekstformatering.

Teiknelinja

Teiknelinja inneheld ofte brukte redigeringsverktøy. Trykk på pila ved sida av eit ikon for å opna ei verktøylinje som inneheld fleire funksjonar.

Biletlinje

Biletlinja inneheld funksjonar for formatering og plassering av merkte bilete.

Rammelinja

Når ei ramme er vald, viser Rammelinja dei viktigaste funksjonane for formatering og plassering av ramma.

OLE-objektlinja

OLE-objektlinja vert vist når eit objekt er valt. Ho inneheld dei viktigaste funksjonane for formatering og plassering av objekt.

Verktøylinja «Tabell»

Tabellinja inneheld funksjonar for arbeid med tabellar. Linja vert vist når du flyttar skrivemerket til ein tabell.

Verktøylinja «Eigenskapar for teikneobjekt»

Teikneobjektlinja, som vert vist når eit teikneobjekt er valt, inneheld funksjonar for redigering og plassering av teikneobjekt.

Verktøylinja for punkt og nummerering

Verktøylinja punkt og nummerering inneheld funksjonar for å endra på strukturen i nummererte avsnitt, som for eksempel å endra på rekkjefølgja eller velja ulike avsnittsnivå.

Tekstobjektlinja

Inneheld formateringsfunksjonar for tekst i teikneobjekt. Tekstobjektlinja vert vist når du dobbeltklikkar inni eit teikneobjekt.

Statuslinja

Statuslinja viser informasjon om dokumentet og inneheld ulike ikon med eigne funksjonar.

Førehandsvis sida

Verktøylinja for førehandsvising av sida vert opna når du førehandsviser eit dokument.

Tabelldatalinja

Bruk tabelldatalinja for å styra korleis dataa vert viste.

Linjalar

Linjalane viser storleikstilhøva på sida, i tillegg til tabulatorar, innrykk, kantlinjer og spalter. Du kan endra alle desse posisjonane på linjalane med musepeikaren.

Formellinja

Med Formellinja kan du laga reknestykke som du kan setja inn i eit tekstdokument. Trykk F2 for å visa Formellinja.

Set inn

Verktøylinja inneheld funksjonar for å setja inn rammer, bilete, tabellar og andre objekt.

Klassifiseringslinje

Klassifikasjonslinjen inneheld verktøy for å sikra handsaminga av dokumentet

Verktøylinja for klassifisering inneheld listeboksar som hjelper deg å setja tryggingsnivå for dokumentet i høve tilBAF-kategoriretningslinjene ogBAILS-nivå. LibreOffice legg til tilpassa felt i dokumenteigenskapane(Fil → Eigenskapar, fana for tilpassa felt) for å lagra klassifiseringsretningslinjene som metadata for dokumentet.

Gå til menyen Vis → Verktøylinjer og velKlassifisering

Verktøylinja for brevfletting

Verktøylinja for brevfletting inneheld kommandoar for dei siste stega i flettingsprosessen.