LibreLogo

LibreLogo er eit enkelt Logo-liknande programmeringsmiljø med vektorbasert skjelpaddegrafikk for å læra programmering og teksthandtering, dtp og grafisk utforming. Sjå meir om dette på http://www.numbertext.org/logo/librelogo.pdf.

Verktøylinja LibreLogo

Verktøylinja for LibreLogo (Vis → Verktøylinjer → Logo) inneheld knappar for å flytte skjelpadda, starta og stoppa programmet, heim, tøm skjermen, redigering/utheving/omsetjing og ei innskrivingslinje (kommandolinje).

Knappar for flytting av skjelpadda

Knappane svarar til Logo-kommandoane “FOROVER 10”, “TILBAKE 10”, “VENSTRE 15”, “HØGRE 15”. Når du klikkar på ein av dei, vil markøren fokusera på skjelpadda.

Starta logo-program

Klikk på knappen «Start Logo» for å køyra teksten eller den merkte teksten i Writer-dokumentet som eit LibreLogo-program. Viss dokumentet er tomt, vert eit eksempelprogram set inn og utført.

Klikk på knappen «Stopp» for å stoppa utføringa av programmet.

Heim

Klikk på knappen «Heim» for å setja skjelpadda til utgangsstillinga og nullstilla innstillingane.

Tøm skjermen

Klikk på knappen «Tøm skjermen» for å fjerna teikneobjekta frå dokumentet.

Programredigering/syntaksutheving/omsetjing

Knappen «tryllestaven» opnar for eit tosidig oppsett for programredigering, utvidar og omformar dei forkorta Logo-kommandoane til store bokstavar. Byt språk for dokumentet (Verktøy → Innstillingar → Språkinnstillingar → Språk → Vestleg) og klikk på denne knappen for å omsetja Logo-programmet til det valde språket.

Kommandolinje

Trykk på Enter i kommandolinja for å utføra kommandoen. Bruk knappen «Stopp» for å stoppa programmet.

Hald nede Enter-tasten for å gjenta kommandoen i kommandolinja. For eksempel med denne sekvensen:

 FOROVER 200 VENSTRE 89

For å nullstilla kommandolinja, klikkar du tre gongar etter kvarandre i feltet, eller trykkjer CRTL + A for å markera den føregåande kommandoen og så skriva inn dei nye kommandoane.

Grafisk brukargrensesnitt og grunnleggjande skjelpaddeinnstillingar

Skjelpaddefiguren i LibreLogo er eit vanleg teikneobjekt med fast storleik. Du kan plassera og rotera skjelpadda også på vanleg måte ved å bruka datamusa og roteringsknappen på verktøylinja for teikning. Du kan også bruka linjebreidd, linjefarge og områdefarge på den same verktøylinja for å endra PENNSTORLEIK, PENNFARGE og FYLLFARGE for LibreLogo.

Programredigering

LibreLogo-teikningane og programkoden bruker det same Writer-dokumentet. Teikneflata for LibreLogo er på den første sida av dokumentet. Programmet vert skrive på den neste sida eller dei neste sidene om nødvendig. Når du opnar dokumentet, kan få fram skjelpadda og setja inn eit sideskift etter den første sida ved å trykkja på «tryllestaven» på verktøylinja for Logo. Det er som oftast praktisk og ha teiknesida og programsida side ved side. Du kan eventuelt endra skriftstorleiken slik at det vert lettare å lesa teksten.

Programmeringsspråket LibreLogo

LibreLogo er eit enkelt Logo-liknande programmeringsspråk som er omsett til mange språk av LibreOffice sine mange omsetjarar. Språket er bakoverkompatibelt med eldre Logo-system for mellom anna å kunna brukast i undervisning og i andre samanhengar.

 TIL triangel :storleik
GJENTA 3 [
FOROVER :storleik
VENSTRE 120
]
SLUTT

triangel 10 triangel 100 triangel 200

Skilnadar frå det opphavlege Logo-programmeringsspråket

Andre funksjonar i LibreLogo

Kommandoar i LibreLogo

Grunnleggjande syntaks

Små og store bokstavar

Kommandoar og fargenamn skil ikkje mellom små og store bokstavar:

 SKRIV UT “Hallo verda!”
skriv ut “Hallo verda igjen!”

Variabelnamna skil mellom små og store bokstavar:

 a = 5
A = 7
SKRIV UT a
SKRIV UT A

Programlinjer

Linjene i eit LibreLogo-program er avsnitt i eit LibreOffice Writer-dokument. Ei programlinje kan innehalda fleire kommandoar:

 SKRIV UT “Hallo, verda!” SKRIV UT “LibreLogo”

Merknadar

Linjer eller delar av linjer kan gjerast til ein merknad ved å setja inn eit semikolon (;). Alt som kjem etter semikolonet, til linjeslutt, vert sett på som ein merknad.

 ; merknadar
SKRIV UT 5 * 5 ; merknad

Bryt programlinjene i fleire avsnitt

Det er råd å bryta ei programlinje over fleire linjer ved å bruka tilde-teiknet på slutten av linja:

 SKRIV UT "Dette er ei svært lang " + ~
“feilmelding."

Flytting av skjelpadda

FOROVER, FRAM, FRAMOVER, FR

 FOROVER 10 ; flytt framover 10pt (1pt = 1/72 inch = 0,35 mm)
FOROVER 10pt ; sjå ovanfor
FOROVER 0.5in ; flytt framover 0.5 inch (1 inch = 2.54 cm)
FOROVER 1" ; sjå ovanfor
FR 1mm
FR 1cm

TILBAKE, BAKOVER, TB

 TILBAKE 10 ; flytt 10pt bakover

VENSTRE, SNU VENSTRE, VE

 VENSTRE 90 ; snu 90 grader mot klokka
VENSTRE 90° ; sjå ovanfor
LT 3h ; sjå ovanfor (på klokka)
VE ALLE ; snu til ein tilfeldig vinkel

HØGRE, SNU HØGRE, HG

 HØGRE 90 ; snu 90 grader med klokka

PENN OPP, PO

 PENN OPP ; flyttar skjelpadda utan å teikna

PENN NED, PN

 PENN NED; skjelpadda teiknar medan ho flytter seg

PLASSERING, PLASSER, POS

 PLASSER [0, 0] ; drei og flytt til det øvre, venstre hjørnet
PLASSER SIDESTORLEIK ; drei og flytt til det nedre, høgre hjørnet
PLASSER [SIDESTORLEIK[0], 0] ; drei og flytt til det øvre, høgre hjørnet
PLASSER ALLE ; drei og flytt til ein tilfeldig posisjon

RETNING, SETRETNING

 RETNING 0 ; drei mot nord
RETNING 12t ; sjå over
RETNING [0, 0] ; drei mot det øvre, venstre hjørnet
RETNING ALLE ; drei til ei tilfeldig retning

Andre skjelpaddekommandoar

GØYMMEG, GM

 GØYMMEG ; gøymer skjelpadda (til kommandoen VISMEG vert brukt)

VISMEG, VM

 VISMEG ; vis skjelpadda

HEIM

 HEIM ; Set skjelpadda i utgangsposisjonen

TØMSKJERMEN, TS

 TØMSKJERMEN; fjernar alle teikneobjekt frå skjermen

FYLL og LUKK

 FYLL: lukk og fyll den gjeldande strekfiguren eller punkta
LUKK: lukk den gjeldande strekfiguren og bind saman dei aktuelle punkta

Eksempel: fylle ein likesida trekant:

 FRAM 50 VENSTRE 120 FRAM 50 FYLL

Eksempel: teikna ein likesida trekant:

 FRAM 50 VENSTRE 120 FRAM 50 LUKK

Penninnstillingar

PENNSTORLEIK, PENNBREIDD, LINJEBREIDD, PS

 PENNSTORLEIK 100 ; set linjebreidda til 100 pt
PENNSTORLEIK ALLE ; det same som PENNSTORLEIK TILFELDIG 10

PENNFARGE, LINJEFARGE, PF

 PENNFARGE “raud” ; set pennfargen til raud (med fargenamnet, sjå om fargekonstantar)
PENNFARGE [255, 255, 0] ; set fargen til gul (RGB lista)
PENNFARGE 0xffff00 ; set fargen til gul (heksadesimal kode)
PENNFARGE 0 ; set fargen til svart (0x000000)
PENNFARGE ALLE ; tilfeldig farge
PENNFARGE [5] ; set fargen til raud (med fargeidentifikator, sjå fargekonstantar)
PENNFARGE “usynleg” ; usynleg farge for figurar med usynleg omriss
PENNFARGE “~raud” ; set tilfeldig, raud farge

PENNGJENNOMSIKT

 PENNGJENNOMSIKT 80: set gjennomsikta for den aktuelle pennfargen til 80 %

LINJEENDE

 LINJEENDE "ingen" ; utan ekstra linjeende (standard)
LINJEENDE "avrunda" ; avrunda linjeende
linjeende "kvadrat" ; kvadratisk linjeende

LINJEKOPLING

 LINJEKOPLING "avrunda"; avrunda linjekopling (standard)
LINJEKOPLING "skarp" ; skarp linjekopling
LINJEKOPLING "skråkant" ; linjekopling med skrå kant
LINJEKOPLING "ingen" ; utan linjekopling

PENNSTIL, LINJESTIL

 PENNSTIL “einsfarga” ; einsfarga linje (standard)
PENNSTIL “prikka” ; prikka linje
PENNSTIL “stipla” ; stipla linje

; eigendefinert prikk-strek-mønster definert i ei liste med desse argumenta:
; – kor mange prikkar
; – lengd på kvar prikk
; – kor mange strekar
; – lengd på kvar strek
; – avstanden mellom prikkane/strekane
; – type (valfri):
; 0 = prikkane som rektangel (standard)
; 2 = prikkane er kvadrat (lengd og avstand er relativ til pennstorleiken)

PENNSTIL [3, 1mm, 2, 4mm, 2mm, 2] ; ...––...––...––

Val for fyll

FYLLFARGE, FF

 FYLLFARGE “blå” ; fyll med blå farge, sjå også PENNFARGE
FYLLFARGE “usynleg” SIRKEL 10 ; sirkel utan fyll
FYLLFARGE [“blå”, “raud”] ; fargeovergang frå raud til blå
FYLLFARGE [[255, 255, 255], [255, 128, 0]] ; frå kvit til oransje
FYLLFARGE [“blå”, “raud”, 1, 0, 0] ; set aksiell fargeovergang (med nødvendige innstillingar for rotering og kantar), moglege verdiar: 0-5 = lineær, aksiell, radial, elliptisk, kvadratisk og rektangulær fargeovergang
FYLLFARGE [“raud”, “blå”, 0, 90, 20] ; lineær med 20% kant, rotert med 90 grader frå hovudet på skjelpadda
FYLLFARGE [“raud”, 'blå”, 0, 90, 20, 0, 0, 200, 50] ; frå 200% til 50% intensitet
FYLLFARGE [ALLE, ALLE, 2, 0, 0, 50, 50] ; radiell fargeovergang med tilfeldige fargar og 50 % vassrett og loddrett plassering av sentrum.

FYLLGJENNOMSIKT

 FYLLGJENNOMSIKT 80 ; set gjennomsikt for den aktuelle fyllfargen til 80%
FYLLGJENNOMSIKT [80] ; set lineær gjennomsiktig overgang frå 80 % til 0 %
FYLLGJENNOMSIKT [80, 20] ; set lineær gjennomsiktig overgang frå 80 % til 20%
FYLLGJENNOMSIKT [80, 20, 1, 90] ; set aksial gjennomsiktig overgang rotert 90 grader i høve til skjelpaddehovudet
FYLLGJENNOMSIKT [80, 20, 2, 0, 20, 50, 50] ; set radial gjennomsiktig overgang frå ytre 80 % til indre 20 % gjennomsikt med 20 % kant og sentrum 50 % vassrett og loddrett

FYLLSTIL

 FYLLSTIL 0 ; fyll utan skravering (standard)
FYLLSTIL 1 ; svarte, vassrette strekar
FYLLSTIL 2 ; svarte skråstrekar (45°)
FYLLSTIL 3 ; svarte skråstrekar (-45°)
FYLLSTIL 4 ; svarte, loddrette strekar
FYLLSTIL 5 ; raude, kryssande skrådtrekar (45°)
FYLLSTIL 6 ; raude, kryssande strekar (0°)
FYLLSTIL 7 ; blå, kryssande strekar (45 grader)
FYLLSTIL 8 ; blå, kryssande strekar (0°)
FYLLSTIL 9 ; 3 blå strekar, vassrett, loddrett og skrå
FYLLSTIL 10 ; svarte strekar med stor avstand (45°)

; eigendefinert skravering ut frå ei liste med desse argumenta:
; – stil (1 = enkel, 2 = dobbel, 3 = trippel skravering)
; – farge
; – avstand
; – grader

FYLLSTIL [2, “grøn”, 3pt, 15] ; grøn, kryssa skaravering (15°)

Teikneobjekt

SIRKEL

 SIRKEL 100 ; teiknar ein sirkel med diameter 100 pt

ELLIPSE

 ELLIPSE [50, 100] ; teiknar ein ellipse med diametrane 50 og 100
ELLIPSE [50, 100, 2t, 12t] ; teiknar ein sirkelsektor frå 2t (klokka 2) til 12t (klokka 12)
ELLIPSE [50, 100, 2t, 12t, 2] ; teiknar eit ellipsesegment
ELLIPSE [50, 100, t, 12h, 3] ; teiknar ein sirkelboge

KVADRAT

 KVADRAT 100; teiknar eit kvadrat (storleik = 100 pt)

REKTANGEL

 REKTANGEL [50, 100] ; teiknar eit rektangel på 50×100 pt
REKTANGEL [50, 100, 10] ; teiknar eit rektangel med avrunda hjørne

PUNKT

 PUNKT; teiknar eit punkt med same storleik og farge som pennen

LUKK kan kopla til det siste punktet, FYLL kan fylla figuren definert av punkt. Det er for eksempel enkelt å teikna ei «flat» stjerne ved å byrja i midten av stjerna.

 PENN OPP
GJENTA 5 [
FRAM 80
PUNKT
TILBAKE 80
HØGRE 36
FRAM 50
PUNKT
TILBAKE 50
HØGRE 120
] FYLL

ETIKETT

 ETIKETT “tekst” ; skriv teksten der skjelpadda er
ETIKETT 'tekst' ; sjå ovanfor
ETIKETT "tekst ; sjå ovanfor (berre for eitt enkelt ord)

TEKST

 SIRKEL 10 TEKST "teksten" ; skriv ein tekst for det aktive teikneopbjektet

Skriftinnstillingar

TEKSTFARGE

 TEKSTFARGE "grøn" ; set skriftfargen til grøn

SKRIFTFAMILIE

 SKRIFTFAMILIE “Linux Libertine G” ; set skriftfamilien
SKRIFTFAMILIE “Linux Libertine G:smcp=1” ; set også skriftfamilien (små bokstavar)
SKRIFTFAMILIE “Linux Libertine G:smcp=1&onum=1” ; små bokstavar + klassisk stil

TEKSTSTORLEIK, TEKSTHØGD

 TEKSTSTORLEIK 12 ; set skriftstorleiken til 12 pt

SKRIFTTJUKKLEIK

 SKRIFTTJUKKLEIK “feit” ; set halvfeit skrift
SKRIFTTJUKKLEIK “normal” ; set normalskrift

SKRIFTSTIL

 SKRIFTSTIL "kursiv" ; bruk kursivskrift
SKRIFTSTIL "normal" ; bruk normalskrift

BILETE, FIG

BILETE vert brukt for å

Gruppering av figurar

 ; BILETE [ LibreLogo_kommandoar ]
BILETE [ FOROVER 100 SIRKEL 100 ] ; tre-liknande gruppert form

Sjå også «Grupper» i hjelp for LibreOffice Writer.

 TIL tre stad
PENN OPP PLASSERING stad RETNING 0 PENN NED
BILETE [ FOROVER 100 SIRKEL 100 ] ; tre-liknande gruppert form
SLUTT

BILETE [ tre [230, 400] tre [300, 400] ] ; gruppert form i gruppert form

Byrja nye strekteikningar

 BILETE ; byrjar ein ny strekfigur
FOROVER 10 BILETE FOROVER 10 ; to strekfigurar

Lagra SVG-bilete

 BILETE “eksempel.svg” [ SIRKEL 5 ] ; lagra biletet til ei SVG biletfil i brukarmappa
BILETE “bibliotek/eksempel.svg” [ FRAM 100 SIRKEL 5 ] ; som ovanfor, men med relativ sti
BILETE “/home/user/eksempel.svg” [ SIRKEL 5 ] ; absolutt sti for Unix/Linux
BILETE “C:\eksempel.svg” [ SIRKEL 5 ] ; absolutt sti for Windows

Lagra SVG-/SMIL-animasjonar (teikningar med PAUSE-kommandoar)

 BILETE “animasjon.svg” [ SIRKEL 5 PAUSE 1000 SIRKEL 99 ] ; lagra som SVG/SMIL-animasjon (sjå også PAUSE)
BILETE “animasjon2.svg” [ SIRKEL 5 PAUSE 1000 SIRKEL 99 PAUSE 2000 ] ; som ovanfor, men ved å bruka PAUSE etter det siste objektet vil laga ei sløyfe. Etter 2 sekund vil SVG-animasjonen byrja på nytt i ein nettlesar som har støtte for SMIL.

Justering i høve til venstre kant

Bruk BILETE for å plassera figurar i høve til den venstre kanten av Write-dokumentet:

 BILETE [ SIRKEL 20 PLASSERING [-100,100] SIRKEL 20 ]

Løkker

GJENTA

 ; GJENTA tal [ kommandoar ]

GJENTA 10 [ FRAM 10 VENSTRE 45 SIRKEL 10 ] ; gjenta 10 gongar
 ; tal her er valfritt

GJENTA [ PLASSERING ALLE ] ; endelaus løkke

TELJAR

Inneheld verdien for løkkevariabelen. (Brukt i GJENTA og i FOR- og MEDAN-sløyfer)

 GJENTA 100 [ FOROVER TELJAR VENSTRE 90 ]

FOR I

Lag løkke for listeelement:

 FOR n I [1, 5, 7, 9, 11] [
FOROVER n
VENSTRE 90
]

Lag løkke for teikna i ein tekstsekvens:

 FOR n I  "TEKST" [
ETIKETT n
FOROVER 10
]

MEDAN

 MEDAN SANN [ PLASSERING ALLE ] ; endelaus løkke
MEDAN TELJAR <= 10 [ FOROVER 50 VENSTRE 36 ] ; som GJENTA 10 [ ... ]

AVBRYT

Stopp løkka.

 GJENTA [ ; endelaus løkke
PLASSERING ALLE
VISS TELJAR = 100 [ AVBRYT ] ; det same som GJENTA 100 [ … ]
]

HALD FRAM

Hopp til den neste gjentakinga av løkka.

 GJENTA 100 [
PLASSERING ALLE
VISS TELJAR % 2 = 0 [HALD FRAM ]
SIRKEL 10 ; teiknar sirklar i annankvar plassering
]

Vilkår

VISS (IF på engelsk)

 ; VISS vilkår [ sann blokk ]
; VISS vilkår [ sann blokk ] [ usann blokk ]

VISS a < 10 [ SKRIV UT “Liten” ]
VISS a < 10 [ SKRIV UT “Liten” ] [ SKRIV UT “Stor” ]

OG, ELLER, IKKJE

Logiske operatorar.

 VISS a < 10 OG IKKJE a = 5 [SKRIV UT “0, 1, 2, 3, 4, 6, 7, 8 eller 9” ]
VISS a < 10 OG a != 5 [ SKRIV UT “0, 1, 2, 3, 4, 6, 7, 8 eller 9” ] ; I staden for IKKJE kan du bruka ! (utropsteiknet).

Subrutinar

TIL, SLUTT

Omsluttar definisjonen av ein eigendefinert prosedyre.

 TIL triangel
GJENTA 2 [ FOROVER 100 HØGRE 120 ] FYLL
SLUTT

GJENTA 10 [ triangel PENN OPP PLASSERING ALLE PENN NED ]

UTDATA

Returnerer verdien av funksjonen.

 TIL tilfeldigbokstav
UTDATA TILFELDIG “qwertzuiopasdfghjklyxcvbnm”
SLUTT

SKRIV UT tilfeldigbokstav + tilfeldigbokstav + tilfeldigbokstav ; skriv ut tilfeldig samansett trebokstavars ord

STOPP

Gå ut av prosedyren.

 TIL eksempel tal
VISS tal < 0 [ STOPP ]
SKRIV UT KVROT tal ; skriv ut kvatratrota
]

eksempel 100
eksempel -1 ; ingen utdata og inga feilmelding
eksempel 25

Standardvariablar

ALLE

Finn ein tilfeldig verdi for eksempel frå standardfargane.

 PENNFARGE ALLE; hentar ein tilfeldig pennfarge

SANN

Logisk verdi.

 MEDAN SANN [ PLASSERING ALLE ] ; endelaus løkke
SKRIV UT SANN; skriv ut sann

USANN

Logisk verdi.

 MEDAN IKKJE USANN [ PLASSERING ALLE ] ; endelaus løkke
SKRIV UT USANN ; skriv ut usann

SIDESTORLEIK

 SKRIV UT SIDESTORLEIK ; skriv ei liste med sidestorleiken i punkt, for eksempel [595.30, 841.89]

PI/π

 SKRIV UT PI ; skriv ut 3.14159265359

Inndata/utdata

SKRIV, SKRIV UT

 SKRIV UT "teksten" ; skriv ut "teksten" i dialogvindauget
SKRIV UT 5 + 10 ; skriv ut 15

INNDATA

 SKRIV UT INNDATA "Verdi?" ; skriv ut spørsmålet i eit dialogvindauge
SKRIV UT FLYTTAL (INNDATA "Første talet?") + FLYTTAL (INNDATA "Andre talet?") ; enkel kalkulator

PAUSE, SOV

 PAUSE 1000 ; vent i 1000 millisekund (1 sekund)

GLOBAL

Set globale variablar brukte i prosedyrar.

 GLOBAL om
om = “LibreLogo”

TIL eksempel
SKRIV UT om
GLOBAL om ; når vi ønskjer å leggja ein ny verdi i variabelen
om = “ny verdi for den globale variabelen”
SLUTT

eksempel
SKRIV UT om

Funksjonar

TILFELDIG

 SKRIV UT TILFELDIG 100 ; skriv ut eit tilfeldig desimaltal (0 <= x < 100)
SKRIV UT TILFELDIG “tekst” ; skriv ut ein tilfeldig bokstav frå teksten “tekst”
SKRIV UT TILFELDIG [1, 2] ; skriv ut eit tilfeldig listeelement (1 eller 2)

HEILTAL

 SKRIV UT HEILTAL 3,8 ; skriv ut 3 (heiltalsdelen av 3,8)
SKRIV UT HEILTAL TILFELDIG 100 ; eit tilfeldig heiltal (0 <= x < 100)
SKRIV UT HEILTAL “7” ; omformar strenginnhaldet til heiltal

FLYTTAL

 ; omformar strengparametra til desimaltal
SKRIV UT 2 * FLYTTAL “5,5” ; skriv ut 11,0

STR

 ; omformar tal til streng
SKRIV UT “Resultat: ” + STR 5 ; skriv ut “Resultat: 5”
SKRIV UT 10 * STR 5 ; skriv ut 5555555555

KVROT

 SKRIV UT KVROT 100 ; skriv ut 10, som er kvadratrota av 100

SIN

 SKRIV UT SIN 90 * PI/180 ; skriv ut 1,0 (sinus av 90° i radianar)

COS

 SKRIV UT COS 0 * PI/180 ; skriv ut 1,0 (cosinus av 0° i radianar)

LOG10

 SKRIV LOG10 100 ; skriv ut 2,0 (logaritmen av 100)

AVRUND

 SKRIV UT AVRUND 3,8 ; skriv ut 4 (som er avrundinga av 3,8)
SKRIV UT AVRUND TILFELDIG 100 ; eit tilfeldig heiltal (0 <= x <= 100)

ABS

 SKRIV UT ABS -10 ; skriv ut 10, som er den absolutte verdien av -10

TEL, PLASSAR

 SKRIV UT TEL “tekst” ; skriv 5, talet på bokstavar i “tekst”
SKRIV UT TEL [1, 2, 3] ; skriv ut 3, storleiken på lista

SET

 ; Omformar liste til Python sett
SKRIV UT SET [4, 5, 6, 6] ; skriv ut {4, 5, 6}
SKRIV UT SET [4, 5, 6, 6] | SET [4, 1, 9] ;skriv ut {1, 4, 5, 6, 9}, union
SKRIV UT SET [4, 5, 6, 6] & SET [4, 1, 9] ; skriv ut {4}, snitt
SKRIV UT SET ([4, 5, 6, 6]) - SET [4, 1, 9] ; skriv ut {5, 6}, differans
SKRIV UT SET [4, 5, 6, 6] ^ SET [4, 1, 9] ; skriv ut {1, 5, 6, 9}, symmetrisk differans

OMRÅDE

 ; Python-liknande listegenerering
SKRIV UT OMRÅDE 10 ; skriv ut [0, 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9]
SKRIV UT OMRÅDE 3 10 ; skriv ut [3, 4, 5, 6, 7, 8, 9]
SKRIV UT OMRÅDE 3 10 3 ; skriv ut [3, 6, 9]

FOR n I OMRÅDE 10 50 10 [ ; løkke for [10, 20, 30, 40]
FOROVER N
VENSTRE 90
]

LISTE

 ; fjernar element som finst meir enn ei gong i ei liste ved hjelp av set og omforming av lista
SKRIV UT LISTE (SET [1, 3, 5, 5, 2, 1]) ; skriv ut [1, 3, 5, 2]

TUPLE

Omformar til Python tuple (liste som ikkje kan endrast)

 SKRIV UT TUPLE [4, 5]

SORTERT

Returnerer ei sortert liste

 SKRIV UT SORTERT [5, 1, 3, 4] ; skriv ut [1, 3, 4, 5]

BYT, BYT UT

Byter ut teiknsekvensar ved hjelp av regexmønster (regulært uttrykk) .

 SKRIV UT BYT (“t”, “T”, “tekst”) ; skriv ut “Tekst”, men byter ut «t» med «T»
SKRIV UT BYT (“(.)”, “\\1\\1”, “tekst”) ; skriv ut “tteexxtt”, skal dobble kvar bokstav, men dette stemmer ikkje i mi utgåve (LO 4.2.0.3).

SØK, FINN

Søker etter bokstavmønster ved hjelp av regex-mønster.

 VISS SØK (“o”, ord) [ PRINT “Bokstaven finst i ordet.” ]

FINNALLE

Finn alle bokstavsekvensane i inndatastrengen som passa det gjevne regex-mønsteret.

 SKRIV UT FINNALLE(“\w+”, “Hundar, Kattar”) ; skriv ut [“Hundar”, “Kattar”], det vil seie heile lista med orda.

MIN

 SKRIV UT MIN [1, 2, 3] ;skriv ut 1, det minste elementet i lista.

MAKS

 SKRIV UT MAKS [1, 2, 3] ; skriv ut 3, det største elementet i lista.

Fargekonstantar

 PENNFARGE “SØLV” ; sett med namn
PENNFARGE [1] ; sett med idendifikator
PENNFARGE “~SØLV” ; tilfeldig sølvfarge

Identifikator

Namn

0

SVART

1

SØLV

2

GRÅ

3

KVIT

4

RAUDBRUN

5

RAUD

6

LILLA

7

FUKSIA, MAGENTARAUD

8

GRØN

9

GRASGRØN

10

OLIVENGRØN

11

GUL

12

MARINEBLÅ

13

BLÅ

14

MØRK GRØNBLÅ

15

CYANBLÅ

16

ROSA

17

TOMATRAUD

18

ORANSJE

19

GULL

20

FIOLETT

21

HIMMELBLÅ

22

SJOKOLADEBRUN

23

BRUN

24

USYNLEG