Fjernstyring av presentasjon – Handbok for fjernstyring av Impress

LibreOffice Impress fjernstyring er eit program med open kjelde tilgjengeleg for operativsystema Android og iOS. Programmet vert brukt til å styra lysbiletframvisingar i LibreOffice Impress frå ein mobiltelefon.

Impress Remote Ikon

I fjernstyring av Impress vert biletminiatyrane viste på einingsskjermen med dei tilhøyrande notata like under. Blad med fingrane på skjermen for å gå fram eller tilbake i visinga. Du kan også vise ein mosaikk av bilete slik at du kan gå direkte til det ønskte biletet for å forbetra visinga.

Koplinga mellom datamaskinen som køyrer biletframsyninga med LibreOffice Impress og den mobile eininga vert utført via Bluetooth eller eit nettverk.

Funksjonar i fjernstyring av Impress

Impress-fjernkontroll er eit svært brukbart program for å kontrollera visinga av lysbileta utan å vera nær datamaskinen. Du kan flytta deg fritt omkring under framvisinga. Dei viktigaste funksjonane er:

Utstyrskrav:

Datamaskin:

Mobilotelefon:

Nedlasting og installering av Impress-fjernkontrollen til mobilutstyret

Last ned Impress Remote frå Google Play Store eller Apple Store ved å søkja etter «Impress Remote» i søkjeboksen. Sjå etter at du får Impress Remote frå The Document Foundation (TDF). Installer Impress Remote i obilutstyret slik du gjer med andre appar.

Innstillingar for Impress Remote

Når Impress Remote er aktivert på mobilutstyret og datamaskinen, trykk lett på det høgre hjørnet av skjermen for å få opp innstillingane for programmet. Desse innstillingane er tilgjengelege:

Kopla datamaskinen til mobileininga

Slå på Bluetooth både på mobileininga og datamaskinen og para dei. Sjå i den aktuelle dokumentasjonen for utstyret du brukar for å sjå korleis du koplar til Bluetooth, set opp Bluetooth-identifiseringa og parar utstyret. Når paringa er ferdig, er mobilutstyret klart til å styra presentasjonen.

Du kan også kopla til via eit nettverk (også >Wi-Fi). Mobileininga og datamaskinen må i tilfelle vera kopla til det same nettverket.

Slå på kontrollen for Impress Remote control i LibreOffice Impress

For å kunna køyra ei lysbiletframvising, må du opna for at Impress kan styrast frå mobileininga. Dette gjer du slik:

  1. Opna LibreOffice Impress

  2. Gå til Verktøy → Innstillingar → LibreOffice Impress → Generelt. Du skal då sjå skjermen som er vist nedanfor.

  3. I vala for presentasjon, merk av for Slå på fjernkontroll og trykk OK.

Lukk LibreOffice Impress og start igjen.

Sida Impress Innstillingar Generelt

Styring av lysbiloetframvisinga:

Tipsikon Før du køyrer biletvisinga må du kopla frå skjermsparingar og låsing av skjermen på mobileininga slik som forklart ovanfor. Forsikra deg om at mobileininga har straum nok til å kunne vara heile visinga med skjermen påkopla.

  1. Sjå etter at mobileininga og datamaskinen er para via Bluetooth eller nettverktilkoplinga.

  2. Opna presentasjonen i LibreOffice Impress.

  3. Opna a appen Impress Remot på mobileininga og vel Bluetooth-ID-en til datamaskinen.

  4. Når du har trykt på namnet til datamaskinen, vert lysbilete automatisk lasta over til Impress Remote saman med notata dine.

  5. Stryk ein finger over skjermen på mobileininga for å byta lysbilete. Notata om bileta vert viste nedst på mobilskjermen.

  6. På mobilskjermen kan du om ønskjeleg setja kor lenge kvart lysbilete skal visast.

  7. Du kan også byte lysbiloete ved å bruka volumknappane på mobileininga. Du slår på denne funksjonen ved å gå inn på innstilingane for Impress Remote og aktivera volumknappane.

Nokre skjermbilete frå Impress Remote mobil:

Impress Remote: første miniatyrvising

Alternativ modus: alle miniatyrane for direkte val eller hopping. Det gjeldande biletet er merkt med ein raud markør.