Tips og utvida tips

Med tips og utvida tips kan du få hjelp under arbeidet.

Tips

Tipstekstane viser deg namna på dei ulike verktøylinjeknappane. Hald musepeikaren over ein knapp ei kort stund for å sjå kva knappen heiter.

Tipstekstar vert også viste for nokre av elementa i eit dokument, som for eksempel kapittelnamn når du rullar gjennom eit langt dokument.

Tipsikon Tips er alltid tilgjengelege.

Utvida tips

Utvida tips gjev ein kort omtale av knappar og kommandoar. Du kan visa eit utvida tips ved å trykkja «Shift + F1» og halda musepeikaren over knappen eller kommandoen.

Tipsikon Viss du alltid vil bruka utvida tips i staden for tips, aktiver utvida tips på - LibreOffice → Generelt.