Få hjelp

Du kan finna støtte på LibreOffice si nettside www.libreoffice.org.

Les fila README i mappa LibreOffice for informasjon om støttetenester.

Hjelpsider på lokale språk

LibreOffice har via ulike lokale prosjekt omsett hjelpesider til fleire ulike språk. Du kan finna eit oversyn over språkprosjekta på www.libreoffice.org/community/nlc/. Du kan finna hjelp og støtte på engelsk på LibreOffice si nettside www.libreoffice.org.

E-postlister

Spør om LibreOffice, finn hjelp frå frivillige og diskuter emne på dei opne postlistene. Du kan finna mange generelle og spesielle e-postlister på nettsida til LibreOffice på www.libreoffice.org/get-help/mailing-lists/.

Forum

Du kan gå inn på nettforum for å spørja og svara på spørsmål om LibreOffice. Vel menyen Hjelp → Få hjelp på nettet …. (Engelskspråkleg. Finst ikkje forum på norsk).

Tryggleik

Viss du er bekymra for tryggleiken ved å bruka denne programvaren, kan du kontakta utviklarane på den offentlege postlista. Ønskjer du å diskutera spørsmål med andre brukarar, send ein e-post til den offentlege postlista users@libreoffice.org.

Nedlastingar

Du kan lasta ned den seinaste versjonen av LibreOffice frå www.libreoffice.org/download/.

Dokumentasjon

Du kan lasta ned dokumentasjon (stort sett på engelsk) som PDF-filer med gjeringar og rettleiingar frå nettsida til LibreOffice, documentation.libreoffice.org. Du kan også gå inn på nettsida for dokumentasjon frå menyen Hjelp → Brukarrettleiingar … .

Delta og gje tilbake

Viss du vil delta aktivt i det verdsomspennande LibreOffice-fellesskapet, så er du hjarteleg velkommen til å gje tilbakemeldingar, diskutera funksjonar, føreslå forbetringar eller bidra med ein artikkel i ofte stilte spørsmål (FAQ), i instruksjonane eller i brukarhandboka. Du kan også laga dine eigen undervisningsvideo osv.

Besøk sida Get involved og følj derifrå dei ulike lenkjene for bidragsytarar.