SAMANDRAG-funksjonen

Denne funksjonen returnerer eit samandrag (aggregate) av utrekningane i området. Du kan bruka ulike samandragsfunksjonar lista nedanfor. Samandragsfunksjonen gjev deg høve til å sløyfa gøymde rader, feil, DELSUM og andre funksjonsresultat i SAMANDRAG i utrekningane.

Merknadsikon Funksjonen SAMANDRAG vert brukt på loddrette dataområde som har slått på autofilter. Viss autofilter er slått av, vert nyleg gøymde rader ikkje rekna med i funksjonen. Funksjonen er eigentleg ikkje laga til bruk på vassrette område, men kan brukast på desse også med nokre avgrensingar. Brukt på vassrette rader vil SAMANDRAG ikkje oppdaga gøymde kolonnar, men vil handtera utelating av feil, resultat frå DELSUM og andre SAMANDRAG-funksjonar innebygde i rada korrekt.

Syntaks

SAMANDRAG(Funksjon; Val; Ref1 [; Ref2 [; …]])

eller

SAMANDRAG(Funksjon; Val; Matrise [; k])

Funksjon – obligatorisk argument. Ein funksjonsindeks eller ein referanse til ei celle med ein verdi frå 1 til 19, ut frå tabellen nedanfor.

Funksjonsindeks

Funksjon brukt

1

GJENNOMSNITT (AVERAGE på engelsk)

2

TAL.PÅ (COUNT på engelsk)

3

TAL.PÅA (COUNTA på engelsk)

4

MAKS (MAX på engelsk)

5

MIN (MIN på engelsk)

6

PRODUKT (PRODUCT på engelsk)

7

STDAV.S (STDEV.S på engelsk)

8

STDAV.P (STDEV.P på engelsk)

9

SUM (SUM på engelsk)

10

VARIANS.S (VAR.S på engelsk)

11

VARIANS.P (VAR.P på engelsk)

12

MEDIAN (MEDIAN på engelsk)

13

MODUS.SNGL (MODE.SNGL på engelsk)

14

STØRST (LARGE på engelsk)

15

MINST (SMALL på engelsk)

16

PERSENTIL.INK (PERCENTILE.INC på engelsk)

17

KVARTIL.INK (QUARTILE.INC på engelsk)

18

PERSENTIL.EKS (ERCENTILE.EXC på engelsk)

19

KVARTIL.EKS (QUARTILE.EXC på engelsk)


Val – obligatorisk argument. Ein valindeks eller ein referanse til ei celle med ein verdi frå 1 til 7 bestemmer kva som skal utelatast i området for funksjonen.

Valindeks

Val brukt

0

Ignorer berre nøsta DELSUM- og SAMANDRAG-funksjonar

1

Ignorer berre gøymde rader og nøsta DELSUM- og SAMANDRAG-funksjonar

2

Ignorer berre feil og nøsta DELSUM- og SAMANDRAG-funksjonar

3

Ignorer gøymde rader, feil og nøsta DELSUM- og SAMANDRAG-funksjonar

4

Ignorer ingenting

5

Ignorer berre gøymde rader

6

Ignorer berre feil

7

Ignorer gøymde rader og feil


Ref1 – obligatorisk argument. Det første numeriske argumentet (dersom området er sett av ei liste med verdiar inne i funksjonen) eller ein referanse til ei celle som inneheld verdien.

Ref2, 3, … – valfritt argument. Eit numeriske argumentet eller referanse til ei celle (opp til 253 argument) som du vil rekna samandragsverdien for.

Matrise – obligatorisk argument. Matrisa kan bestemmast med grensene for matrisa, namnet på det namngjevne området eller kolonneoverskrifta.

Merknadsikon For å kunna bruka kolonneetikettar må «Finn kolonne- og radoverskrifter automatisk» vera slått på.

k – obligatorisk argument for desse funksjonane: STØRST, MINST, PERSENTIL.INK, KVARTIL.INK, PERSENTIL.EKS og KVARTIL.EKS. Dette er eit numerisk argument som må samsvara med det andre argumentet i desse funksjonane.

Eksempel

A

B

C

1

KolonneEin

KolonneTo

KolonneTre

2

34

11

12

3

10

56

35

4

#DIV/0!

5

3

5

20

8

1

6

0

8

9

7

#VERDI!

20

21

8

5

7

8

9

14

0

5


=SAMANDRAG(4;2;A2:A9)
Returnerer maksimumsverdien for området A2:A9 =34, medan =MAKS(A2:A9) returnerer feilen Feil:511.

=SAMANDRAG(9;5;A5:C5)
Returnerer summen for området A5:C5 =29, sjølv om nokre av kolonnane er gøymde.

=SAMANDRAG(9;5;B2:B9)
Returnerer summen av kolonnen B=115. Funksjonen tar ikkje med gøymde kolonnar. Dersom for eksempel den 7. rada er gøymd, vil funksjonen returnere 95.

Eksempelet viser korleis du kan bruke funksjonen på eit 3D-område.

=SAMANDRAG(13;3;Ark1.B2:B9:Ark3.B2:B9)
Denne funksjonen returnerer modus for verdiar i andrekolonnane i arka 1, 2 og 3 (som har dei same dataane) =8.

Du kan bruke referansar til ei celle eller eit celleområde for alle argumenta i formelen. Eksemplet nedanfor viser korleis du kan gjere dette. I tillegg viser det korleis du kan bruke kolonnenamn for å spesifisere ei matrise.

=SAMANDRAG(E3;E5;'KolonneEin')
Dersom E5 =13 og E5 = 5, vil funksjonen returnere modus for den første kolonnen = 10.